• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    01.12.2022
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4868228
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 23.11.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Lærar 50 % - Ål ungdomsskule

Offentlig forvaltning

Vil du bidra til å vidareutvikle eit positivt, spanande og inkluderande elev- og læringsmiljø på Ål Ungdomsskule? Då er dette jobben for nettopp deg!

Me søkjer

Lærar inntil 50% i eit vikariat i perioden 01.12.22 - 31.07.23

Om stillinga 

Me ønskjer at du har kompetanse innan Mat og Helse (Produksjon for kantine) og/eller Kunst og handverk, men høyrer gjerne frå deg om kva fag du ønskjer å vareta i stillinga - me er opne for fleire løysingar.
I "Produksjon for kantine" vil du få ansvar for å utvikle og drifte kantina to dagar i veka i samarbeid med elevane. I Kunst og handverk vil du i samarbeide med ein kollega og undervise i faget på fleire trinn.

Me søkjer deg som har følgande kvalifikasjonar 

Godkjent undervisningskompetanse jf. Opplæringslova og tilhøyrande forskrift, i mat og helse (Produksjon for kantine) og/eller kunst og handverk.

Viss du har anna undervisningskompetanse høyrer me gjerne frå deg.

Før opp i søknaden kva fag du har undervisningskompetanse i.

Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling. Skulen i Ål nyttar nynorsk som målform.

Me søkjer lærar som

  • brenn for læraryrket, framtidas skule og ønskjer å bidra til god læring for elevane
  • har pågangsmot og engasjement
  • er positiv, fleksibel og løysingsorientert
  • ønskjer å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt
  • har engasjement for einskilde elevar med spesielle behov

Me tilbyr

  • arbeidsplassar med gode og utviklande arbeidsmiljø
  • engasjerte og dyktige skuleleiarar
  • skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid
  • kommunale løns- og arbeidsvilkår med god pensjonsordning i SPK
  • hjelp til å finne bustad

Lønsvilkår

Løn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Politiattest

Dei som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje skal vere eldre enn tre månader. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. 

Send søknad

Du må sende elektronisk søknad. 

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillingane.

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    01.12.2022
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4868228
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 23.11.2022