• Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    15.11.2021
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4170798
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune
  • Uppdaterad 28.10.2021
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Ål Kommune

Lærar ved Ål ungdomsskule

Offentlige tjenester og forvaltning

Kom til oss med engasjementet ditt!
Bli med på vidareutvikling av ein skule i godt driv!

Det er ledig 100 % fast stilling som lærar frå 01.01.2022.

Ål ungdomsskule er ein ungdomsskule med ca. 190 elevar og 40 tilsette. Me har tredeling på kvart av dei tre trinna. Skulemiljøet er positivt med høg trivsel blant både tilsette og elevar.

Kvalifikasjonar
Godkjent undervisningskompetanse i engelsk, gjerne i kombinasjon med undervisningskompetanse i fleire grunnskulefag. Kunnskap og interesse for IKT og digitale løysingar er ønskeleg.

Personlege eigenskapar

Me søkjer lærar som:

  • brenn for læraryrket og ynskjer å bidra til god læring for eleven
  • har pågangsmot og engasjement
  • er positiv, fleksibel og løysingsorientert
  • ynskjer å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt
  • har engasjement for einskildelevar med spesielle behov

Me tilbyr

  • arbeidsplassar med gode og utviklande arbeidsmiljø
  • engasjerte og dyktige skuleleiarar
  • skular som er engasjerte i pedagogisk utviklingsarbeid
  • kompetanseheving
  • kommunale lønns- og arbeidsvilkår med god pensjonsordning SPK
  • hjelp til å finne bustad

Lønsvilkår
Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Politiattest
Den som vert tilsett må legge fram politiattest. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.

Send søknad
Det skal sendast elektronisk søknad. Velg "Send søknad" og fyll ut den elektroniske søknaden. Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt til e-postadressa som du loggar deg på med. 

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt i søknaden.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

 

Oppvekstsektoren i Ål

Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større
skular og barnehagar Frå 8. trinn blir alle elevane samla på Ål ungdomsskule. Kommunen
har innført iPad/PC til kvar elev og lærar og brukar ny teknologi i undervisninga. Framover vil
"Det digitale klasserommet i fagfornyinga" vere eit viktig satsingsområde. Avdelingane i
oppvekstsektoren har fokus på inkludering og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid.
Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ynskjer
kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre.

I 2019 og 2020 er Ål rangert blant dei ti beste i kåringa til UNICEF om oppvekstvilkår for barn. 
Me trenger deg for å bli endå betre!

Sjå www.aal.kommune.no for meir informasjon om sektoren og avdelingane våre.

 

 

 

  • Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    15.11.2021
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4170798
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune
  • Uppdaterad 28.10.2021