Company
Ål KommuneApplication deadline
11.09.2022Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4737387Look here for other jobs from Ål Kommune
- Updated 25.08.2022
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Ål Kommune
Lærar ved Ål introsenter
Offentlig forvaltning
Det er ledig 200 % mellombels stilling som lærar ved Ål introsenter i perioden 01.09.2022-31.07.2023, med moglegheit for forlenging.
- 160% stilling som lærar i norsk og samfunnskunnskap
- 40% stilling til administrative oppgåver knytt til opplæring i norsk- og samfunnskunnskap.
Stillingane kan kombinerast.
Ål introsenter tilbyr opplæring i norsk og samfunnskunnskap til elevar frå Ål og Hol kommune. Elevane våre kjem frå mange ulike land og som lærar vil du vera ein del av integreringsprosessen med det norske samfunnet.
Ål introsenter er organisert i oppvekstsektoren, og held til på Ål kulturhus. Introsenteret har også ansvar for busetting, etablering og inkludering av busette flyktningar i Ål kommune.
Skulane i Ål har dei siste åra arbeidd med ei stor IKT-satsing. Elevane ved Ål introsenter har kvar sin iPad og alle
klasserom er godt utstyr med ny teknologi.
Sjå www.aal.kommune.no for fleire opplysningar om kommunen og skulane.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver for administrativ stilling er mellom anna:
- Ansvar for daglege driftsoppgåver
- Registrere nye søknadar og fatte vedtak om norskopplæring.
- Behandle søknadar om fritak, permisjon m.m.
- Føre timar og fråvær
- Andre relevante oppgåver
Arbeidsoppgåver lærarstillingane
- Undervisning i norsk og samfunnskunnskap for minoritetsspråklege vaksne elevar i samsvar med gjeldande læreplanar.
- Tilrettelegge og tilpasse opplæringa etter deltakarane sitt nivå
- Opplæring i arbeidslivskunnskap og oppfølging av elevar i språkpraksis.
- Delta i ulike interne og eksterne prosjekter
- Inntil 20 % av stillinga kan settast av til karriererettleiing-/rådgjevarfunksjon» i staden
Kvalifikasjonar
- Ynskjeleg at lærarar som skal undervise i norsk etter integreringslova, må oppfylle krav jf. § 67 i forskrift til integreringslova. Dette inneber krava for tilsetting i undervisningsstilling i kapittel 14 i forskrift til opplæringslova, samt 30 studiepoeng i norsk som andrespråk. Ikkje eit krav ved mellombels stilling
- Erfaring med grunnleggande lese- og skriveopplæring og alfabetisering er ein fordel.
- Erfaring med framandspråklege elevar er ynskjeleg.
- Erfaring med karriererettleiing/rådgiving er ein fordel.
- Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling.
Personlege eigenskapar
Det vert lagt vekt på personleg eigenskapar:
- du brenn for læraryrket og ynskjer å bidra til god læring for elevane
- du er tydeleg på klasseleiing og har evne til å skape gode relasjonar med vaksne elevar og kollegaer.
- du trivst i ein digital kvardag.
- du er positiv, fleksibel og løysingsorientert
- du ynskjer å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt
- du har erfaring med og interesse for arbeid med menneske frå ulike kulturar
Me tilbyr
- spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- eit hyggeleg og engasjert arbeidsmiljø
- ei skule der elevar trivst
- ei skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving
- hjelp til bustad
Lønsvilkår
Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
Send søknad
Det skal sendast elektronisk søknad. Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar, dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.
Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.
Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.
Company
Ål KommuneApplication deadline
11.09.2022Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4737387Look here for other jobs from Ål Kommune
- Updated 25.08.2022