Företag
Vestnes kommuneAnsökningstiden
30.09.2023Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6391, TRESFJORD
VESTNES
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
5300314Se här för andra jobb från Vestnes kommune
- Uppdaterad 09.08.2023
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Vestnes kommune
Lærar ungdomstrinn
Offentlig forvaltning
Informasjon
Det er ledig inntil 300% undervisningsstilling. Som eit tiltak for å rekruttere nye lærarar gis det ein eingongssum på kr 50 000,- som utbetalast etter prøveperioden på 6 mnd. forutsett ei binding til kommunen i 2 år.
Tiltreding etter avtale og så snart som mogleg.
Helland ungdomsskule ligg midlertidig plassert i vakre Tresfjord omlag 15 km frå Vestnes sentrum. Dette skuleåret er det omlag 170 elevar fordelt på 7 undervisningsgrupper.
Arbeidsoppgåver
- undervisning og rettleiing av elevar
- vurderingsarbeid vert lagt vekt på gjennom ulike former for elevvurdering
- motivere elevane til innsats for eiga læring
- tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar
- samarbeid med elevar, føresette og kollegaer
- rettleie elevar fagleg og sosialt
Kvalifikasjonar
- Fag som er av interesse er, norsk og naturfag. Andre fagområde er også aktuelle
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- ha god kommunikasjonsevne
- digital kompetanse
- bidra til teamutvikling
- engasjert og fagleg dyktig
- det blir stilt krav om politiattest
- det vert særskilt stilt krav til allmennlærarutdanning, men tilsvarande pedagogisk utdanning vil også bli vurdert
- personlege eigenskapar vil og bli vektlagt som til dømes å kunne bygge gode relasjonar med elevane.
Personlege eigenskapar
- kan jobbe sjølvstendig og strukturert
- er opptatt av barn og unge si læring og utvikling
- kan rettleie elevane til godt læringsutbytte
- har fokus på klasseleiing
- opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
- er løysingsfokusert og utviklingsorientert
- er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- ein arbeidsplass med fokus på samhandling rundt våre elevar
- løn i høve gjeldande avtaleverk
- ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til intervju. Intervjuet kan gjerast på Teams om det er naudsynt.
Referansar
Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort.
Företag
Vestnes kommuneAnsökningstiden
30.09.2023Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6391, TRESFJORD
VESTNES
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
5300314Se här för andra jobb från Vestnes kommune
- Uppdaterad 09.08.2023