Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
14.03.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3517529Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
- Oppdatert 25.02.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Fjaler kommune
Lærar - spansk for ungdomssteget
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du ein engasjert, målbevisst og fagleg dyktig pedagog? Då kan det vere deg vi ser etter.
Vi har ledig ei 35% fast stilling som spansklærar for ungdomssteget. Har du undervisningskompetanse i andre fag i tillegg, vil vi kunne tilby inntil 100% stilling.
Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt kollegium, og ein arbeidsstad med høg trivsel. Ny skule er under bygging på Dingemoen, og i løpet av hausten 2021 er heile den nye 1-10-skulen klar. Vi håper du vil vere med på denne spanande reisa saman med oss.
Ta gjerne kontakt for å få meir informasjon om stillinga og arbeidsplassen. Vi ser fram til å høyre frå deg.
Kvalifikasjonar
- Spansk 30 studiepoeng i kominasjon med utdanning som grunnskulelærar 1-7 eller 5-10. Andre med godkjend pedagogisk utdanning kan også søkje
- Gjerne erfaring frå nye varierte arbeidsmetodar og skuleutvikling
- Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
- Evne til å planlegge, gjennomføre og vurdere ulike opplæringstilbod for elevane
- Vere ein klår og tydeleg klasseleiar
- Gode samarbeidsevner, vere initiativrik og fleksibel
- Evne til å setje seg inn i og endre praksis i tråd med fagfornyinga
- Kunne delta i fagleg utviklingsarbeid i ein travel kvardag
Vi tilbyr
- Løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
- Eventuelle kontaktlærarar får eit tillegg på kroner 26.000 per år
- Redusert undervisningsplikt for nyutdanna
- Noregs beste pensjonsordning i SPK
- Godt arbeidsmiljø og hyggelege kollegaer
Kommunen er oppteken av at ein skal ha balanse mellom kjønna i eit kollegium, og menn vert føretrekt under elles like føresetnader.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
14.03.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3517529Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
- Oppdatert 25.02.2021