Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
25.02.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Leikanger
SOGNDAL
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
6048947Se här för andra jobb från Sogndal kommune
Sogndal kommune
Lærar skuleåret 25/26
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Leikanger ungdomsskule er ein ungdomsskule med ein til to parallellar på 8. – 10.trinn, der ein av klassane er ein innføringsklasse for asylsøkarar. Skulen ligg fint til ved Sognefjorden på Leikanger, og har ei bygningsmasse frå 1967. Her kan ein driva fysisk aktivitet både i og ved fjorden. På skulen har me pedagogisk entreprenørskap som ein del av vår arbeidsmåte, der samarbeid med lokalsamfunnet vert vektlagt gjennom partnarskapsavtalar med ulike arbeidsplassar, lag og organisasjonar og ressurspersonar. Skulen har hatt studentar i praksis i svært mange år. Difor har me tett samarbeid med Høgskulen på Vestlandet. Satsingsområda våre i inneverande skuleår er vurdering og inkluderande praksis. For tida har me ca 100 elevar på skulen, og me vektlegg at alle skal møtast med respekt og med ei positiv haldning som gjer at ein skapar eit godt, motiverande og trygt læringsmiljø for elevane, og eit utviklande og spennande arbeidsmiljø for dei tilsette. I kollegiet er me om lag 20 tilsette som trivst godt i lag. Me har fleire sosiale aktivitetar i løpet av året, i tillegg har dei tilsette tilbod om volleyballtrening ein gong i veka.
Ledige vikariat hjå oss for skuleåret 2025/26:
80% undervisningsstilling for lærar
Sogndal kommune har velkomstklasse for fleirspråklege elevar. Det kan vere behov til stillingar knytt til opplæring i velkomstklassen.
Kvalifikasjonar:
Me søkjer ein relasjonssterk, utviklingsorientert og inkluderande lærar med godt humør, som har undervisningskompetanse for ungdomsskule, der tysk går inn som ein del av fagkombinasjonen. Erfaring med framandspråklege elevar er ein styrke. Det vil bli lagt stor vekt på søkjaren sine personlege eigenskapar.
Arbeidsoppgåver:
- Vera ein trygg og tydeleg klasseleiar.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Kjennskap til bruk av digitale læremiddel i opplæringa.
Personlege eigenskapar:
- Eit framtidsretta syn på læring og pedagogikk med evna til å sjå teori og praksis i samanheng.
- Har evne til å laga system og arbeida strukturert, tydeleg og målretta
- Har god samarbeidsevne
- Har gode relasjonar til elevar, tilsette og samarbeidspartar
- Kan arbeida effektivt, nøyaktig og sjølvstendig
- Har evne til å spreia motivasjon og arbeidsglede
- Fleksibel, tilpassingsdyktig og har evna til å handtere nye utfordringar
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Løn etter gjeldande kvalifikasjonar og avtaleverk
- Arbeidstida følgjer skuleruta og planleggingsdagane for dei tilsette som er sett for kommunen
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
25.02.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Leikanger
SOGNDAL
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
6048947Se här för andra jobb från Sogndal kommune