• Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    12.02.2023
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4967096
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune
  • Uppdaterad 09.02.2023
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Ål Kommune

Lærar / pedagog 100 % fast - Nedre-Ål skule

Offentlig forvaltning

Ved Nedre-Ål skule er det to velkomstklassar, 1.-4 trinn og 5.- 7. trinn, med elevar frå Ukraina og andre nasjonalitetar. Elevane er ei blanding av busette flyktningar og elevar som bur på mottak i Ål kommune. Desse elevane får oppfylging av eige team sett saman av lærarar og assistent/fagarbeidarar. Pr. no har me om lag 20 elevar fordelt på desse klassane. Det er 220 elevar totalt og 45 tilsette, som jobbar for å skape kreative og gode dagar for store og små.

Ål kommune har sagt ja til å busette fleire utover våren og me forventar ei auke i elevtalet. Skula vår ligg i naturskjønne omgjevnader, midt i Hallingdal, med eit rikt tilbod innan kultur, natur og friluftsliv.

Arbeidsoppgåver

  • undervisning og tilrettelegging på 1.- 7.trinn
  • grunnleggjande norskopplæring

Personlege eigenskapar'

Me ser etter deg som held hovudet kaldt og hjarta varmt, samt er god på:

  • relasjonar
  • samarbeid
  • inkludering
  • gruppe- og klasseleiing

Kvalifikasjonar

  • lærarutdanning eller relevant undervisningserfaring
  • ønskjeleg at du meistrar minst to av språka ukrainsk, russisk, arabisk eller engelsk
  • 30 studiepoeng i norsk som andrespråk
  • kjennskap til det norske utdanningssystemet

Me tilbyr

  • ein skule med godt og utviklande arbeidsmiljø
  • garantert barnehageplass og hjelp til å finne bustad
  • gunstig pensjonsordning i KLP/SPK
  • arbeidsforholda er regulert av sentralt avtaleverk
  • hjelp til å finne bustad

Politiattest og søknad

Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.

Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden.

Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarlista.

Flytte til Ål?

Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!

Flytt til Ål! - Ål kommune (aal.kommune.no)

 

Velkomen som søkjar!

 

  • Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    12.02.2023
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4967096
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune
  • Uppdaterad 09.02.2023