Company
Askvoll kommuneApplication deadline
06.10.2022Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4780451Look here for other jobs from Askvoll kommune
- Updated 24.09.2022
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Askvoll kommune
Lærar i vaksenopplæringa
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Askvoll skule tilbyr både norskopplæring, introduksjonsprogram og grunnskule for vaksne. Vi har for tida om lag 25 elevar ved vaksenopplæringa. Skulen ligg i kommunesenteret i Askvoll kommune. Undervisningsåret følgjer skuleruta i grunnskulen, med undervisning på dagtid.
Vi har frå snarast ledig inntil 100% stillilng i vaksenopplæringa - vikariat for skuleåret 2022/23 med høve til forlenging/fast tilsetjing.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsppgåvene vil i hovudsak vere norskundervisning for framandspråklege vaksne. Det vil og vere aktuelt å undervise i samfunnsfag og engelsk. Som lærar i vaksenopplæringa vil du arbeide tett med dei andre lærarane ved skulen og særleg i vaksenopplæringsteamet.
Kvalifikasjonar:
- godkjent lærarutdanning og/eller erfaring med undervisning av vaksne
- ønskjeleg med kompetanse/erfaring innan norsk som andrespråk og andrespråkspedagogikk, samfunnskunnskap og engelsk
- andre med aktuell yrkeskompetanse og erfaring kan også søkje
Personlege eigenskapar:
Vi søkjer deg som er
- engasjert og målretta
- fleksibel
- lagspelar og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- tydeleg og kan motivere
- interessert i å utvikle seg sjølv og arbeidsplassen
Vi tilbyr løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Tilsetjings skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Pensjonsmedlemsskap i Statens Pensjonskasse. Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram før ein kan ta til i jobben.
Company
Askvoll kommuneApplication deadline
06.10.2022Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4780451Look here for other jobs from Askvoll kommune
- Updated 24.09.2022