• Company
    Ål Kommune
  • Application deadline
    09.06.2026
  • Form of employment
    Fixed contract
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3570, ÅL
    ÅL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6636052
  • Look here for other jobs from Ål Kommune
Vacancy

Ål Kommune

Lærar / fagarbeidar / assistent

Offentlig forvaltning

Det er behov for medarbeidarar innanfor innføringstilbod for barn og unge på mottaket på Torpo. Innføringstilbodet blir etablert ved Torpo skule og Ål ungdomsskule, med oppstart for medarbeidarar 10.08.26.
Medarbeidarar skal arbeide både på Torpo skule og Ål ungdomsskule basert på elevtal til eikvar tid. Elevane skal vera noko i ordinær klasse, og etter kvart gå over frå innføringstilbod til ordinær klasse.

Ål kommune treng lærar, dessutan fagarbeidar/assistent i mellombelse stillingar til dette føremålet, i perioden 10.08.26 - 18.06.27.

Vi har behov for:

  • inntil 150% lærar
  • inntil 200% fagarbeidar / assistent
  • tilkallingsvikarar

Arbeidsoppgåver:

  • lærar vil ha ansvar for undervisning og tilrettelegging på 1.-10. trinn, dvs både ved Torpo skule og Ål ungdomsskule
  • fagarbeidar / assistent vil ha oppgåver i oppfølging og tilrettelegging i skule

Ønskelege kvalifikasjonar:

Lærar:

  • lærar med allmennlærarutdanning, GLU 1.-7 eller 5.-10
  • tospråkleg lærar med godkjent utdanning

Fagarbeidar / assistent:

  • fagbrev barne- og ungdomsarbeidar
  • assistent med erfaring innanfor barn / ungdom
  • det er ein fordel om du meistrar norsk, ukrainsk, russisk eller polsk.  Det er ein fordel om du også kan engelsk

Personlege eigenskapar:

Vi legg vekt på personlege eigenskapar. Vi ser etter deg som held hovudet kaldt og hjarta varmt, som kan ta eit tak når det er nødvendig, og som er god på:

  • relasjonar
  • samarbeid
  • inkludering
  • fleksibilitet
  • gruppe- og klasseleiing

 Søknad og politiattest:

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar
  • intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Velkomen som søkjar!

 

  • Company
    Ål Kommune
  • Application deadline
    09.06.2026
  • Form of employment
    Fixed contract
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3570, ÅL
    ÅL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6636052
  • Look here for other jobs from Ål Kommune