Ledig stilling

Ål Kommune

Lærar

Offentlig forvaltning

Vi søkjer ein lærar som brenn for å utvikle spennande, innovativ og praksisnær undervisning i samarbeid med elevar og kollegaer i profesjonelle lærande fellesskap. Vi treng ein lærar som er gode på klasseleiing, relasjonsbygging og samarbeid, som har omsorg for elevane og skapar trygge gode klasse- og læringsmiljø der elevane trivst og lærer. 

Det er spesielt behov for 1-7-lærar med undervisningskompetanse i faga norsk, matematikk og engelsk, og kompetanse innan begynneropplæring. Kompetanse og erfaring frå arbeid med barn med behov for tilrettelagt støtte er ønskeleg.  Kontaktlærarfunksjon er tillagt stillinga. Dessutan kan IKT-ansvar bli tillagt stillinga.

Kvalifikasjonar

  • Godkjent undervisningskompetanse jf. opplæringslova § 10-1 og 10-2 og forskrift til opplæringslova kapittel 14, sjå særleg §§ 14-1 til 14-3.
  • Før opp i søknaden kva fag du har undervisningskompetanse innanfor.

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi søkjer deg som

  • Brenn for læraryrket og ønsker å bidra til god læring for elevane.
  • Er tydeleg på klasseleiing og har evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer.
  • Er positiv, fleksibel og løysingsorientert.
  • Har god digital kompetanse og evne til å vurdere når det er føremålstenleg for elevane å arbeide digitalt.
  • Ser på leik som viktig og som ein god metode i undervisninga.
  • Ønskjer å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt.
  • Har engasjement for elevane sitt læringsfellesskap.

Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling.  Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Vi tilbyr

  • Arbeidsplass med gode og utviklande arbeidsmiljø.
  • Rettleiing i to år for nyutdanna lærar.
  • Engasjerte og dyktige skuleleiarar.
  • Skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving.
  • To-lærarsystem.
  • Miljørettleiarar ved skulen.
  • Lønns- og arbeidsforhold regulert av Hovudtariffavtala.

Søknad og politiattest

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

Velkomen som søkjar.