Company
Bergen kommuneApplication deadline
16.06.2025Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5260, INDRE ARNA
BERGEN
Number of positions
1Career-kode
6248626Look here for other jobs from Bergen kommune
Bergen kommune
Lærar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Garnes ungdomsskule har ledig 1 vikariat i 100% stilling med spansk. Søkjarar må ha spansk og eit av faga norsk eller matematikk. Ønskeleg at dette er i kombinasjon med eit praktisk fag (kroppsøving, mat og helse, kunst og handverk eller musikk). Dersom søkjar kun har undervisningskompetanse i spansk, kan det vere aktuelt med deltidsstilling.
Garnes ungdomsskule har nynorsk som hovudmål i opplæringa. Lærarar må meistre både bokmål og nynorsk skriftleg.
Skulen har ca. 450 elevar fordelt på 8., 9. og 10.trinn. I desember 2025 flyttar vi inn i ny skule med 3 heimeområde per trinn. Skular med heimeområde treng lærarar som kan samarbeide tett om undervisninga. i tillegg får skulen ei nyoppretta forsterket avdeling med 20 plassar.
Garnes ungdomsskule ligg fint til på Garnes, 8 minutt med buss frå Arna stasjon. Det er god kommunikasjon til og frå Garnes på dagtid.
Vi har eit triveleg arbeidsmiljø og eit nærmiljø med moglegheit for varierte aktivitetar. Skulen arbeider for eit trygt og godt læringsmiljø. Skulen sin visjon er "læring og trivsel for alle". Vi arbeider etter PALS-modellen. Vi har satsing på tilpassa undervisning i ein inkluderande skule. Det er ønskeleg med lærarar som legg opp til at elevane er aktive i eiga opplæring. Skulen er praksisskule for Høgskulen på Vestlandet. Det blir forventa at tilsette lærarar kan vere praksislærarar.
I faga norsk og matematikk er det krav om 60 studiepoeng, i dei resterande faga er det krav om 30 studiepoeng.
Alle som vert tilsett må kunne vere kontaktlærar. Vi ønskjer lærarar med utdanning innan spesialpedagogikk kombinert med anna kompetanse som er beskrive i utlysninga.
Kvalifikasjoner:
- Tydelig og trygg vaksen, har kunnskap om lærings- og klasseleiing.
- Ansvarsbevisst og strukturert.
- Endringsvillig
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, liker å jobbe i team.
- Gyldig politiattest.
- Godkjent lærarutdanning for å jobbe i norsk skule.
- Må kunne formulere seg særs godt både munnleg og skriftleg på bokmål og nynorsk.
Personlige egenskaper:
- Sjøvstendig og løysingsorientert.
- Lærlingsvillig, positiv og fleksibel.
- Kunne skape og utvikle gode relasjonar til elevar, kollega og føresette.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Kunne stå i ein hektisk kvardag.
Vi tilbyr:
- Ein skule i utvikling og endring.
- Fagleg og personleg utvikling.
- Samarbeid og støtte av lærarar og avdelingsleiar.
- Eit positivt og triveleg arbeidsmiljø.
- Ein spannende, hektisk og utfordrande kvardag.
- Lønn etter kvalifikasjoner og etter avtaleverk.
Company
Bergen kommuneApplication deadline
16.06.2025Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5260, INDRE ARNA
BERGEN
Number of positions
1Career-kode
6248626Look here for other jobs from Bergen kommune