Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
25.02.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6048955Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Lærar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Fjærland oppvekstsenter ligg i jordbruks- og turistbygda Fjærland, mellom Sogndal og Skei i Jølster, langs hovudfartsåra mellom aust og vest. Det er ei aktiv bygd med mange lag og organisasjonar innan mange områder.
Oppvekstsenteret inneheld skule, sfo og barnehage, og ligg idyllisk til nær fjorden med stort skogsområde i nærleiken, i tillegg til idrettsbane og lysløype.
Skulen er fådelt, med elevar i 1. til 7.klasse, fordelt på småskule og mellomsteg. Skulen har eige symjebasseng, samt god tilgang på undervisningsrom. Kommande år vil det vere 11 elevar i skulen.
Med utgangspunkt i skulen sin storleik ligg forholda godt til rette for tett oppfølging av den einskilde elev. I tillegg til fokus på basisfaga har vi i seinare år arbeidd med satsinga «Trygt- og godt skule- og barnehagemiljø».
Frå hausten 2025 har skulen ledig inntil heil fast stilling som grunnskulelærar. Rolla som kontaktlærar må påreknast.
Arbeidsoppgåver:
Kontaktlærar
Undervisning
Planlegging, gjennomføring og evaluering av læringsarbeid i profesjonsfellesskapet
Systematisk arbeid med grunnleggande ferdigheiter, tverrfagleg arbeid og elevane sitt læringsmiljø
Systematisk oppfyljing av elevane si læring og utvikling
Tett og godt skule- heim-samarbeid
Aktiv deltaking i det pedagogiske utviklingsarbeidet ved skulen
Kvalifikasjonar:
- Det er krav om godkjend undervisningskompetanse for tilsetjing som lærar i grunnskulen.
- Politiattest er ein føresetnad for tilsetjing.
- I tillegg til relevant fagkombinasjon vil personlege eigenskapar vektleggast.
Ved Fjærland oppvekstsenter tilbyr me:
Ein spanande jobb i eit godt og triveleg arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar.
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
Løn etter avtaleverket
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
25.02.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6048955Se her for andre jobber fra Sogndal kommune