Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
25.02.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Leikanger
SOGNDAL
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
6048953Se här för andra jobb från Sogndal kommune
Sogndal kommune
Lærar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Leikanger barneskule er ein 1 – 7 skule der me i dag har 206 elevar fordelt på 11 klassar, der i blant ein mottaksklasse. Me har asylmottak i bygda. På SFO, Bjørnehiet har me 115 barn. Totalt har me 33 tilsette på skule og SFO.
Skulen vår ligg vakkert til ved utløpet av Henjadalen. Naturen kring skulen nyttar me både i skuletida og i skulefritidsordninga vår. Me har to skulebygg der det eine vart bygd tidleg på 80 - talet medan det andre bygget stod ferdig på 90 – talet.
Av viktig arbeid ved skulen vil me nemne; klasseleiing, BTI – betre tverrfagleg innsats, utviklingsprosjektet leseglede, og fokus på IKT.
Me ynskjer tilsette som er tydelege og trygge leiarar for elevane våre og har evne til å skape gode relasjonar, både med elevane, foreldra og kollegiet. Du må ha evne til å sjå enkelteleven i gruppefellesskapet. Me set pris på at du trivst ute då me har undervisning både i klasserommet og ute.
Arbeidsoppgåver:
Kontaktlærar
Undervisning
Planlegging, gjennomføring og evaluering av læringsarbeid i profesjonsfellesskapet
Systematisk arbeid med grunnleggande ferdigheiter, tverrfagleg arbeid og elevane sitt læringsmiljø
Systematisk oppfyljing av elevane si læring og utvikling
Tett og godt skule- heim-samarbeid
Aktiv deltaking i det pedagogiske utviklingsarbeidet ved skulen
Kvalifikasjonar:
- Det er krav om godkjend undervisningskompetanse for tilsetjing som lærar i grunnskulen, samt eit ynskje om gode digitale dugleikar.
- I tillegg til å ha undervisingskompetanse i eit eller fleire av basisfaga norsk, matematikk og engelsk, har me særleg behov for deg som har undervisingskompetanse i nokre av desse faga: symjing og musikk.
- Politiattest er ein føresetnad for tilsetjing.
- I tillegg til relevant fagkombinasjon vil personlege eigenskapar vektleggast.
Ved Leikanger barneskule tilbyr me:
Ein spanande jobb i eit godt og triveleg arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar.
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
Løn etter avtaleverket
Sogndal kommune har velkomstklasse for fleirspråklege elevar. Det kan vere behov til stillingar knytt til opplæring i velkomstklassen.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
25.02.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Leikanger
SOGNDAL
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
6048953Se här för andra jobb från Sogndal kommune