Ledig stilling

Sogndal kommune

Lærar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Norane skule ligg i naturskjønne omgjevnader ved Norafjorden på Ylvisåkerneset, berre ein kort biltur frå Sogndal sentrum. Det er gode kommunikasjonstilbod til og frå Ylvisåker. Plasseringa av skulen gir oss unike høve til å nytte naturen som læringsarena. Norane skule er ein Trivselleiarskule, TL-skule, der elevstyrte aktivitetar står i fokus. Elevane får opplæring i å leie andre og medverke til planlegging og gjennomføring av leik og aktivitetar. For skuleåret 2025-2026 kan Norane skule bli invitert inn i eit EU samarbeid, eit Erasmusprosjektet kalla «Outdoor Learning». Her forpliktar me oss til å ta imot lærarar frå andre skular i Europa, dele av vår erfaring samt reise på besøk til andre for å sjå, lære.og utvikle eigen praksis. Me er opptekne av å utvikle ein god, praktisk og variert undervisning i samarbeid med elevane våre.

 

Det kan bli ledig eit vikariat inntil 100%, med moglegheit for fast tilsetjing ved behov.

Arbeidsoppgåver:

Som lærar på Norane skule har du ein variert arbeidskvardag, som mellom anna inneber:

  • Planlegge og leie elevane si læring, individuelt og i team.
  • Medverke i skulen sitt profesjonsfellesskap.
  • Sette skulen og kommunen sitt utviklingsarbeid ut i praksis.
  • Arbeide for eit trygt og godt læringsmiljø og sikre eit godt samarbeid med elevane sin heim.
  • Nytte uteområdet og naturen som læringsarena
  • Fagleg sterk og ser betydninga av refleksjon rundt praksis
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Funksjon som kontaktlærar kan verte aktuell

 

Kvalifikasjonar:

  • Grunnskulelærar 1-7. Anna grunnskuleutdanning vil bli vurdert.
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Undervisingskompetanse i eit eller fleire av basisfaga norsk, matematikk og engelsk med særleg vekt på lese- og skriveopplæringa
  • Undervisningskompetanse i eitt eller fleire praktisk-estetiske fag

Politiattest er ein føresetnad for tilsetjing.

I tillegg til relevant fagkombinasjon vil personlege eigenskapar vektleggast.

 

Me vil gjerne arbeide saman med deg som har:

  • God kjennskap til læreplanverket og vurderingsarbeid i tråd med LK20 og ny opplæringslov
  • Skapar motivasjon og engasjement hos elevane
  • Tek utfordringar og ser moglegheiter
  • Ønsker å bidra til deling og vil delta aktivt for å utvikle vår skule
  • Evner til samskaping  og skape gode relasjonar med alle barn, føresette, medarbeidarar og andre instansar til beste for eleven
  • Eit høgt profesjonsmedvit
  • Er open for refleksjon over eigen praksis og bidreg aktivt til skulen utviklar seg som lærande organisasjon
  • Engasjement for utandørs læringsaktivitetar, friluftsliv og har gode symjeferdigheiter

 

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Ein arbeidsplass med gode moglegheiter for fagleg utvikling.
  • Pensjonsordning i Statens pensjonskasse og kommunale forsikringsordningar i jobbsamanheng
  • Gode velferdsordningar
  • Mentorordning for nyutdanna

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.