• Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    25.02.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6048945
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
Ledigt jobb

Sogndal kommune

Lærar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kvåle skule har rundt 400 elevar og 70 tilsette, fordelt på fem trinn (6.–10. klasse) med fleire parallellar per trinn. Frå skuleåret 2027/2028 vil skulen bli ein rein ungdomsskule med fire parallellar på kvart trinn, noko som gjer den til ein av dei største ungdomsskulane i tidlegare Sogn og Fjordane. I perioden 2024-2028 har Kvåle skule forplikta seg til eit tettare samarbeid med lærarutdanninga på HVL, og vil som Lærarutdanningsskule bidra ekstra innanfor praksisutveksling og kunnskapsutvikling med høgskulen. Med nærleik til idrettsmiljø, kommunale og statlege aktørar, samt eit etablert samarbeid innan kompetanseklynga på Campus Fosshaugane, ønskjer Kvåle skule å møte framtida med eit sterkt fokus på utvikling og kvalitet i undervisninga. Kvåle skule har som mål å bli eit flaggskip for kompetanseutvikling på ungdomstrinnet i Sogn.

 

Det vil frå hausten 2025 bli ledig fylgjande:

  • inntil 8 x 100% årsvikariat
  • 2x 80% vikariat som fast vikar
  • Eventuelt andre ledige stillingar som skulle bli tilgjengeleg.

Sogndal kommune har velkomstklasse for fleirspråklege elevar. Det kan vere behov til stillingar knytt til opplæring i velkomstklassen.

Arbeidsoppgåver:

Som lærar på Kvåle skule har du ein variert arbeidskvardag, som mellom anna inneber:

  • Planlegge og leie elevane si læring, individuelt og i team.
  • Medverke i skulen sitt profesjonsfellesskap.
  • Sette skulen og kommunen sitt utviklingsarbeid ut i praksis.
  • Arbeide for eit trygt og godt læringsmiljø og sikre eit godt samarbeid med elevane sin heim.
  • Rolle som kontaktlærar.
  • Rolle som øvingslærar for studentar kan verte aktuelt.

 

Kvalifikasjonar:

-       Det er krav om godkjend undervisningskompetanse for tilsetjing som lærar i grunnskulen, samt eit ynskje om gode digitale dugleikar.

-       I tillegg til å ha undervisingskompetanse i eit eller fleire av basisfaga norsk, matematikk og engelsk, har me særleg behov for deg som har undervisingskompetanse i nokre av desse faga:

  • Musikk
  • Spansk
  • Naturfag

 

-       Politiattest er ein føresetnad for tilsetjing.

-       I tillegg til relevant fagkombinasjon vil personlege eigenskapar vektleggast.

 

Personlege eigenskapar:

Som lærar på Kvåle skule ser me etter deg som har:

  • god kjennskap til læreplanverket og som er ein pådrivar for utvikling

av undervising og vurderingsarbeid i tråd med LK20 og ny opplæringslov.

  • undervising som set eleven i sentrum gjennom praktisk, relevant, utfordrande  og varierte undervisingsformer. 
  • evne til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer. 
  • empati, gode mellommenneskelege eigenskapar, og ei evne til å sjå heile eleven. 
  • høgt profesjonsmedvit.
  • eit engasjement i jobben og ei evne til å skape motivasjon hjå elevane.
  • evne til samskaping og til å ta initiativ i profesjonsfellesskapet.
  • evne til å arbeide sjølvstendig og til å ta fagleg funderte avgjersler.
  • evne til å samarbeide med lærarar, miljørettleiarar, leiing og andre instansar til det beste for barnet.

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Eit fagleg sterkt og framoverlent kollegium.
  • Ein arbeidsplass med gode moglegheiter for fagleg utvikling.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Gode velferdsordningar.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

  • Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    25.02.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6048945
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune