Företag
Alver kommuneAnsökningstiden
24.01.2023Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4949188Se här för andra jobb från Alver kommune
- Uppdaterad 11.01.2023
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Alver kommune
Lærar - 60-70% vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Ostereidet barneskule har frå 13.02 .2023 – 31.07.2023 ledig 60 - 70% vikariat som lærar.
Om Ostereidet barneskule
Ostereidet barneskule ligg tett på naturen i vakre omgjevnadar på Ostereidet, like ved Ostereidet ungdomsskule og Eikanger idrettspark. Skulebygget er relativt nytt og moderne utforma med gode fasilitetar til undervising og administrasjon. Skulen har 7 klassar fordelt på 7. trinn, og har 100 elevar.
Det er 17 tilsette ved skulen, 10 lærarar, 5 elevassistentar og administrasjon.
Ostereidet barneskule er ein framtidsretta skule der me er opptekne av gode læringsprosessar, trygge og gode klassemiljø for elevane, og eit godt og lærande fellesskap mellom kollegaer.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er undervisning på 1.-7. trinn. Skulen treng helst lærar som kan undervisa i faget kroppsøving. Stillinga kan event. fyllast opp med andre oppgåver på skulen.
Kompetanse
Godkjent utdanning samsvar med kompetanseforskrifta for tilsetjing på 1.-7. trinn.
Utdanning frå utlandet må vere godkjent av NOKUT.
Ønskt kompetanse
Vi søkjer lærarar som:
- Er fagleg bevisst, godt førebudd og har planlagt undervisninga både aleine, og i lag med kollegaar.
- Har god innsikt i lærarrolla og skulen som organisasjon
- Er synleg i skulen sine ulike møteplassar
- Bidreg til å utvikla skulen sitt positive arbeidsmiljø
- Har gode kommunikasjonsevner og er ein tydeleg klasseleiar
- Er opptatt av ein inkluderande undervisningspraksis med høg grad av elevaktivitet og elevmedverknad
- Aktivt samarbeider med kollegaar og skuleleiinga om utvikling av læringsmiljø og læringsutbyte
Alver kommune har nynorsk som målform.
Me tilbyr
Løn – og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
Utfordrande og spennande stilling på ein skule med stort fokus på inkludering av både elevar og tilsette.
God støtte frå profesjonsfellesskapet ved skulen og høgt fokus på utvikling av ny kunnskap i organisasjonen.
Politiattest
Godkjent politiattest i samsvar med Opplæringslova må leverast før tiltreding.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Företag
Alver kommuneAnsökningstiden
24.01.2023Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4949188Se här för andra jobb från Alver kommune
- Uppdaterad 11.01.2023