Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
25.02.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5573089Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 09.02.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Lærar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Fjordtun skule og SFO er ein del av Fjordtun oppvekstsenter. Det er eit lite oppvekstsenter der vi samarbeider tett og godt og har fokus på å ha eit triveleg, utviklande og ope miljø både i barnegruppa og i personalgruppa. Det er mykje flott natur og høge fjell rundt Fjordtun. Nærmiljøet og bygdefolka er ein viktig ressurs for oppvekstsenteret, og ein del av aktivitetane skjer i samarbeid med bygda.
Me søkjer etter lærar i 100 % faste stillinga. Me ynskjer tilsette som er tydelege og trygge leiarar for elevane våre og har evne til å skape gode relasjonar, både med elevane, foreldra og kollegiet. Du må ha evne til å sjå enkelteleven i gruppefellesskapet.
Arbeidsoppgåver:
Kontaktlærar
Undervisning
Planlegging, gjennomføring og evaluering av læringsarbeid i profesjonsfellesskapet
Systematisk arbeid med grunnleggande ferdigheiter, tverrfagleg arbeid og elevane sitt læringsmiljø
Systematisk oppfylging av elevane si læring og utvikling
Tett og godt skule- heim-samarbeid
Aktiv deltaking i det pedagogiske utviklingsarbeidet ved skulen
Kvalifikasjonar:
- Lærarar som kan jobbe på stega 1-4 med kompetanse innanfor: begynnaropplæring, symjing, kroppsøving, friluftsliv.
Ved Fjordtun oppvekstsenter tilbyr me:
Ein spanande jobb i eit godt og triveleg arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar.
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
Løn etter avtaleverket
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
25.02.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5573089Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 09.02.2024