• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    25.02.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5573089
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 09.02.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Lærar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Fjordtun skule og SFO er ein del av Fjordtun oppvekstsenter. Det er eit lite oppvekstsenter der vi samarbeider tett og godt og har fokus på å ha eit triveleg, utviklande og ope miljø både i barnegruppa og i personalgruppa. Det er mykje flott natur og høge fjell rundt Fjordtun. Nærmiljøet og bygdefolka er ein viktig ressurs for oppvekstsenteret, og ein del av aktivitetane skjer i samarbeid med bygda. 

Me søkjer etter lærar i 100 % faste stillinga.  Me ynskjer tilsette som er tydelege og trygge leiarar for elevane våre og har evne til å skape gode relasjonar, både med elevane, foreldra og kollegiet. Du må ha evne til å sjå enkelteleven i gruppefellesskapet.  

 

Arbeidsoppgåver: 

  • Kontaktlærar 

  • Undervisning 

  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av læringsarbeid i profesjonsfellesskapet 

  • Systematisk arbeid med grunnleggande ferdigheiter, tverrfagleg arbeid og elevane sitt læringsmiljø 

  • Systematisk oppfylging av elevane si læring og utvikling 

  • Tett og godt skule- heim-samarbeid 

  • Aktiv deltaking i det pedagogiske utviklingsarbeidet ved skulen 

 

Kvalifikasjonar: 

  • Lærarar som kan jobbe stega 1-4 med kompetanse innanfor: begynnaropplæring, symjing, kroppsøving, friluftsliv. 

 

Ved Fjordtun oppvekstsenter tilbyr me: 

  • Ein spanande jobb i eit godt og triveleg arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar. 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • Gode velferdsordningar 

  • Løn etter avtaleverket 

 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

 

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    25.02.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5573089
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 09.02.2024