• Företag
    Hå kommune
  • Ansökningstiden
    08.11.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5418474
  • Se här för andra jobb från Hå kommune
  • Uppdaterad 26.10.2023
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Hå kommune

Lærar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Høyland skule har ledig to 100 % vikariat som lærar:
- Det eine med oppstart snarast og fram til 31.7.2024
- Det andre frå 1.1.2024 til 31.7.2024

Høyland skule ligg på Høyland langs fylkesveg 44 nordvest for Nærbø sentrum og har til våren ca.115 elevar og om lag 19 tilsette. Det er ein 1-7 barneskule. Høyland skule er ein god skule å gå på. Skulen har eit godt sosialt miljø med tydelege vaksne og elevar som veit kva som vert forventa av dei. Visjonen vår er: Høyland skule - trivsel og læring.

Kvalifikasjonar
- godkjent lærarutdanning
- god IKT-kompetanse
- gode kommunikasjonsevner; du må beherske norsk skriftleg og munnleg
- du må vere løysningsorientert og bidra aktivt til eit godt arbeidsmiljø

Arbeidsoppgåver
- sørgje for eit trygt og inkluderande læringsmiljø
- planlegge og leie elevane si læring
- analysere og følgje opp elevane sin progresjon
- bidra til eit godt samarbeid med føresette
- delta og bidra i eit lærande fellesskap på skulen
- samarbeide med andre faginstansar

Personlege eigenskapar
Vi ønskjer at du er god på relasjonar og er ein tydeleg klasseleiar. Du må kunne jobbe sjølvstendig, samtidig som du må kunne samarbeide med kollegaer og føresette.

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

 

  • Företag
    Hå kommune
  • Ansökningstiden
    08.11.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5418474
  • Se här för andra jobb från Hå kommune
  • Uppdaterad 26.10.2023