• Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    29.06.2022
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4680228
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
  • Updated 23.06.2022
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Sogndal kommune

Lærar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 

Ledig fast lærarstilling på Fjordtun  

Har du lyst på ei fast lærarstilling i Sogndal kommune? Likar deg ute i naturen – i fjellet og ved sjøen? Fjordane i Balestrand ynskjer deg velkomen! Fjordtun skule treng lærar! Skulen ligg fint til heilt nede ved fjorden med eit stort uteområde og nærme skogen. Tett på ligg dei flotte fjella våre. Du møter spennande natur kor du snur deg og eit nærområde som innbyr til aktivitet. No er me på jakt etter ein relasjonssterk lærar som vil inspirera og motivera elevane våre til sosial og fagleg utvikling.   

 

Om oss: 

Fjordtun skule er ein del av Fjordtun oppvekstsenter.  Vi ligg i Sværefjorden, 10 minutt frå Dragsvik ferjekai. Oppvekstsenteret har 1 – 4 skule, Sfo og barnehage. Vi er eit kollegium til saman 6 tilsette. Fjordtun oppvekstsenter har som mål å skape eit trygt og godt heilskapleg opplæringsløp gjennom eit tett samarbeid mellom skulen og barnehagen. Vi jobbar for å få til eit læringsmiljø prega av samhald, medverknad, meistring og glede. Alle ungane hjå oss skal møtast med respekt og positivitet som gjer at det blir skapt eit godt, motiverande og trygt læringsmiljø. 

I opplæringa vår jobbar vi tett på bygda vår. Vi har blant anna samarbeid med lag og organisasjonar her. Foreldregruppa vår er også ein stor ressurs for oss. Det er berre kreativiteten som set grenser for å nytte bygda sine ressursar i opplæringa. 

Skulen er også ein del av ein større heilskap – Sogndalsskulen. Som tilsett får du ta del i fagnettverk, kompetanseheving og fagdagar. Gjennom samarbeid og erfaringsutveksling på tvers av skular skal du og dine tilsette sikra god kvalitet og utvikling for elevane uavhengig av kvar dei bur i den langstrakte kommunen.  

 

Om stillinga:  

Me søkjer etter ein dyktig og sjølvstendig kontaktlærar for elevgruppa vår. Som lærar hjå oss har du stort handlingsrom i høve det å forme skuledagen for elevane, ut frå den nye læreplanen. Me vil hjelpa til med å skaffa husvære for dei som treng det og kartlegga jobbmoglegheiter for ektefelle eller sambuar om det skulle vera aktuelt.  

 

Kvalifikasjonar 

Det er krav om godkjend undervisningskompetanse for tilsetting som lærar i grunnskulen og ynskje om gode digitale ferdigheiter.  

 

Personlege eigenskapar som vert vektlagt:  

  • Gode mellommenneskelege eigenskapar, engasjement og evne til å ta initiativ 

  • Evne til samskaping og bidra inn i profesjonsfellesskapet  

  • Kreativ og utforskande  

  • Fleksibel, tilpassingsdyktig og utviklingsorientert 

  • Empatisk og ha evna til å sjå heile mennesket.  

 

Me tilbyr: 

Ein spanande jobb i skular med innbydande nærmiljø som opnar opp for praktisk og variert undervisning  

Fagleg fellesskap i og utanfor klasserommet. Spanande og krevjande arbeidsoppgåver med stor grad av sjølvstende 

Gode moglegheiter for kompetanseutvikling 

Gode pensjons- og forsikringsordningar og velferdsordningar

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

 Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit. 

 

  • Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    29.06.2022
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4680228
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
  • Updated 23.06.2022