• Företag
    Alver kommune
  • Ansökningstiden
    29.03.2023
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5077967
  • Se här för andra jobb från Alver kommune
  • Uppdaterad 18.03.2023
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Alver kommune

Lærar - 100% vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga
Ved Grasdal skule er det ledig 100% vikarstilling som lærar frå 11.04.2023– 30.06.2023.

Om Grasdal skule
Skulen vår ligg fint til med natur- og skogsområder i Austebygd på Holsnøy, Alver kommune. Det er ca 5 min kjøretid frå Flatøy eller Frekhaug. Skulen har 140 elevar fordelt på 1.-7.trinn. Det er for tida 30 tilsette ved skulen.

 

Arbeidsoppgåver
•Undervisning på fleire trinn
•Arbeide med å skape eit trygt og godt skulemiljø
•Samarbeide på team og i felles utviklingstid
•Legge til rette for eit godt skule- heim- samarbeid

 

Kvalifikasjonar:
•Godkjend lærarutdanning 1.-7.trinn i barneskulen
•Gode kunnskaper både fagleg og didaktisk
•Tydeleg og strukturert klasseleiar og klasselærar
•Kan tilpasse opplæringa til det beste for kvar einskild elev
•Erfaring frå undervisning og brei fagkrins er nyttig

 

Skulen treng fagkompetanse innan kroppsøving, engelsk, musikk, naturfag, samfunnsfag og krle.

 

Personlege eigenskapar:
•Har evne til å bygge gode relasjonar til barn og vaksne
•Er fleksibel, løysingsorientert og samarbeidsvillig
•Har høge ambisjonar for elevane, kollegaer og deg sjølv
•Har evne til å legge til rette for eit inkluderande felleskap
•Er positiv og har godt humør

 

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

 

Vi tilbyr
Gode vilkår for fagleg og personleg utvikling
Eit godt arbeidsmiljø, gode arbeidsforhold og eit engasjert personale
Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk.

 

Politiattest
Denne stillinga krev tilfredsstillande politiattest jf. opplæringslova.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

 

  • Företag
    Alver kommune
  • Ansökningstiden
    29.03.2023
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5077967
  • Se här för andra jobb från Alver kommune
  • Uppdaterad 18.03.2023