Company
Alver kommuneApplication deadline
03.12.2020Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3286265Look here for other jobs from Alver kommune
- Updated 19.11.2020
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Alver kommune
Lærar - 100% vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om Radøy ungdomsskule
Radøy ungdomsskule ligg sentralt på Manger, eit av kommunesentra i Alver kommune, like ved Radøyhallen og Grønålen fotballbane. Skulen har rundt 160 elevar og 30 tilsette.
Stilling
Ved Radøy ungdomsskule er det frå 01.01.21 ledig vikariet i 100% stilling som lærar. Vikariatet varar fram til sommarferien.
Arbeidsoppgåver
Til stillinga ligg undervisning i kroppsøving, matematikk og naturfag. Det følgjer med kontaktlæraransvar for ei elevgruppe på om lag 11 elevar.
Kompetanse
Søkjar må ha relevant pedagogisk utdanning. og tilfredstille kompetansekrava til undervisning i ungdomsskulen: Minimum 60 st. poeng i matematikk og 30 st. poeng i dei andre faga.
Ønskt kompetanse
Vi ønskjer ein lærar som brenn for faga sine, er oppriktig engasjert i elevane og som er bevisst si rolle som vaksen og som forbilde.
Den som vert tilsett må kunne vise sjølvstende, vere løysingsorientert og ha framifrå samarbeidsevne.
Vi tilbyr
Ein spennande arbeidsplass med dyktige medarbeidarar og flotte ungdommar.
Løn etter avtaleverket.
Politiattest
For å jobbe i skulen må ein kunne framvise politiattest av nyare dato.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Company
Alver kommuneApplication deadline
03.12.2020Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3286265Look here for other jobs from Alver kommune
- Updated 19.11.2020