Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
05.03.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5026780Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 22.02.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Alver kommune
Lærar - 100% fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Det vil verte ledig ei stilling som faglærar, 100% ved Leiknes skule frå midten av mars.
Om Leiknes skule
Leiknes skule er ein nyrehabilitert og moderne fulldelt barneskule (1.-7. trinn). Skulen har 185 elevar og nær 30 tilsette. Skulen ligg langs Osterfjorden, 7 km køyring frå Knarvik. Skulen har spesielt fokus på arbeid med elevane sitt skulemiljø, leseopplæring og innføring av LK2020
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er undervisning på 4. - 7. trinn. Skulen treng ein lærar som kan undervise i alle fag.
Jobben vil både innebera å samarbeida tett i klasse-team med fokus på eit inkluderande læringsmiljø med felles ansvar for gjennomføring av ordinær undervisning i klassane, intensiv opplæring og spesialundervisning.
Kompetanse
Godkjent utdanning ihht kompetanseforskrifta for tilsetjing på 1.-7. trinn.
Utdanning frå utlandet må vere godkjent av NOKUT.
Ønskt kompetanse
Vi søkjer ein lærar som:
- Er fagleg bevisst, godt førebudd og har planlagt undervisninga saman med profesjonsfellesskapet
- Har god innsikt i lærarrolla og skulen som organisasjon
- Er synleg i skulen sine ulike møteplassar
- Bidrar til å utvikla skulen sitt positive arbeidsmiljø
- Har god kommunikasjon og er ein tydeleg og autoritativ klasseleiar
- Er opptatt av ein inkluderande undervisningspraksis med høg grad av elevaktivitet og elevmedverknad
- Aktivt samarbeider med kollegaer og skuleleiinga om utvikling av læringsmiljø og læringsutbytte
Alver kommune har nynorsk som målform.
Vi tilbyr
Lønn – og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
Politiattest
Godkjent politiattest i samsvar med Opplæringslova må leverast før tiltreding.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
05.03.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5026780Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 22.02.2023