Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Stavanger Kommune

Lærar 100%

Frå 01.08.2023 er det ledig to faste
stillingar som lærar på Sjernarøy oppvekstsenter. Det er ønskjeleg med kompetanse i begynnaropplæring.
Sjernarøy er ei øygruppe på sju øyar
som ligg i Ryfylke i Stavanger kommune. Seks av dei sju øyane er bundne saman med bruer og det bur omlag 365 innbyggjarar på Sjernarøyane. 

Frå hausten 2023 har Sjernarøy oppvekstsenter elevar i 1.-7. klasse i skulen, eigen SFO og barnehage med 2 avdelingar. Me er ein fådelt skule som betyr at du vil gi opplæring til elevar frå fleire trinn i same klasse. Det er få elevar i kvar klasse, til saman 32 elevar på skulen. Me har eit aktivt samarbeid på tvers av trinn. 

Oppvekstsenteret ligg flott plassert i landlege omgjevnadar.
Sjernarøy oppvekstsenter har nynorsk
som hovudmål. 

Du kan lese meir om Sjernarøy oppvekstsenter på heimesida vår; minskole.no/sjernaroy

Er du ein engasjert pedagog som brenn for elevane si læring? Då er kanskje du akkurat den me leitar etter!

Arbeidsoppgaver:

Vi er på jakt etter deg som har lyst å arbeide som lærar i grunnskulen, fortrinnsvis barneskulen. Me er særskild på utkikk etter kandidatar med kompetanse innan basisfaga og spesialpedagogikk. Me har særleg fokus på leseopplæringa og fysisk aktiv læring.

Me er ein fådelt skule og det betyr at du blir lærar i fleire fag. 

Kvalifikasjoner:

Godkjent
undervisningskompetanse for grunnskulen.

Kompetanse innan grunnleggjande lese-, skrive- og rekneopplæring.

Erfaring frå undervisning og klasseleiing er ein fordel.

Det er ynskjeleg med kompetanse innan norsk, matematikk og engelsk.

Aktuelle kandidatar må beherska nynorsk munnleg og skriftleg, og kunne nytte relevant dataverktøy.

Dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentera at du har språknivå tilsvarande nivå B1. Gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk språk som morsmål.
Godkjend politiattest som ikkje er eldre enn tre månadar må liggje føre ved tilsetting, og seinast før arbeidstakar begynner i stillinga ihht gjeldande lovverk. 

Personlige egenskaper:

Du er innstilt på samarbeid og har evne
til å jobbe målretta med undervisning og opplæring.


Du er fleksibel og har godt humør.


Du har gode evne til å byggje relasjonar og trives saman med elevar og føresette.


Du er god på gruppeleiing.


Du er opptatt av at barnet sin tryggleik, der utvikling og læring står i sentrum.
Du er engasjert, kreativ og løysingsorientert.

Vi tilbyr:

Eit engasjerande og inspirerande miljø.


Løn i samsvar med hovudtariffavtalen til KS.


Gode pensjons- og forsikringsordningar.


Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsbedrift (IA-bedrift).


Det er enkelt å pendle frå Judaberg. Du kan reise kl. 08.00 og vere tilbake kl. 16.00.