• Company
    Gol og Herad Sokn
  • Application deadline
    07.01.2022
  • Position function
    Lederstilling
  • Form of employment
    workTime.Heltid
  • Industry
    Foreninger og forbund - Religion og livssyn
  • Educational qualification
    Ønskelig
  • Work experience
    Ønskelig
  • Desired language
    norsk
  • Address
    3550, GOL
    GOL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4239961
  • Look here for other jobs from Gol og Herad Sokn
  • Updated 26.11.2021
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Gol og Herad Sokn

Kyrkjeverge

Foreninger og forbund - Religion og livssyn

Gol kommune ligg i Hallingdal prosti og det er god forbindelse til både Oslo og Bergen. Her er gode høve til friluftsliv og det er eit aktivt kulturliv og idrettsmiljø i bygda. Gol har om lag 4 650 innbyggjarar. Det er to kyrkjer og eitt sokn i kommunen. I tillegg til soknekyrkjene Gol og Herad kyrkje, ligg også nye Gol stavkyrkje og Oset kapell i kommunen.  Det er ein del kyrkjelege handlingar i båe desse kyrkjene.

Kyrkjene i Gol og i Hemsedal kommune var frå gamalt eit prestegjeld og det er fortsatt ein del samarbeid mellom desse sokna. Det er felles trusopplærar og prestane har teneste i båe kommunane.  Ved Gol kyrkjekontor er det totalt 6,5 årsverk fordelt på 8 tilsette. Det er kontorlokale i kommunehuset.

Kyrkjeverje i  100%  fast stilling

Frå 1.mai 2022 er det ledig fast stilling som kyrkjeverje i Gol

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Dagleg leiar for fellesrådet si verksemd med ansvar for personalleiing, sakshandsaming, budsjettoppfølging og økonomistyring
  • Ansvar for drift, vedlikehald og utvikling av kyrkjer og gravplassar i kommunen
  • Vidareutvikle samarbeid og gode relasjonar med kommune, offentlege organ, sokneråd/fellesråd og andre samarbeidspartnerar i lokalsamfunnet og prostiet

Ved ein eventuell endring i Den norske kyrkja si organisering, kan oppgåvene bli noko endra.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning på universitets/høgskulenivå. Særleg relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskrav.
  • God kjennskap til og eit stort hjarte for Den norske kyrkja som organisasjon og kyrkja sin plass i samfunnet
  • Erfaring med personalleiing, økonomistyring, administrasjon og forvaltning
  • Det er krav til medlemskap i Den norske Kyrkja
  • Tilfredsstillande politiattest må framleggast ved tilsetting jmf. § 20 i lov om tros - og livssynssamfun.

Personlege eigenskapar:

Det vil bli lagt stor vekt på personleg eignaheit ved tilsetting

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å bygge gode relasjonar både internt og eksternt
  • Evne til å leie under utvikling og endring
  • Evne til å motivere og vidareutvikle organisasjonen
  • Tenke målretta og samtidig kunne vera fleksibel

Vi tilbyr:

  • Ein spanande og variert jobb
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Kontorplass saman med dei andre kyrkjeleg tilsette i Gol kommunehus
  • Løn etter avtaleverk i kyrkjeleg sektor.
  • Pensjonsordning i KLP

Oppstart i stillinga 1. mai 2022.

Spørsmål om stillinga kan rettast til kyrkjeverje Anne Gerd Jorde tlf.  971 58 134 eller leiar i sokneråd/fellesråd Gunn Astrid Frøysok tlf. 990 34 376

Søknad med attestar, vitnemål og referansar kan sendast til kyrkja@gol.kommune.no,

innan 7. januar 2022.


 

  • Company
    Gol og Herad Sokn
  • Application deadline
    07.01.2022
  • Position function
    Lederstilling
  • Form of employment
    workTime.Heltid
  • Industry
    Foreninger og forbund - Religion og livssyn
  • Educational qualification
    Ønskelig
  • Work experience
    Ønskelig
  • Desired language
    norsk
  • Address
    3550, GOL
    GOL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4239961
  • Look here for other jobs from Gol og Herad Sokn
  • Updated 26.11.2021