Bedrift
Hå kommuneSøknadsfrist
02.10.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5873155Se her for andre jobber fra Hå kommune
- Oppdatert 07.09.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Hå kommune
Kurator og programansvarleg
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Hå gamle prestegard søkjer ein høgt motivert kurator og programansvarleg med stor interesse for samtidskunstfeltet og formidling av kulturhistorie. Som kurator og programansvarleg vil du vere sentral i arbeidet med å vidareutvikle Hå gamle prestegard sitt faglege og kunstnariske innhald. Saman med dagleg leiar vil du ha ansvar for utstillingsplanlegging, produksjon og gjennomføring av programmet.
Arbeidsoppgåver
• Ansvar for programmering av utstillingar og arrangement
• Utarbeiding av heilskapleg programprofil som inkluderer samtidskunst- og kulturhistoriske utstillingar og arrangement i tilknyting til utstillingsprogrammet
• Følgje utstillingsproduksjon frå idé til utføring inkludert ansvar for oppfølging av kunstnarar, tekstproduksjon, montering, demontering og logistikk, søknadar og rapportering
• Utarbeide monteringsplanar, leie monteringsarbeidet og koordinere monteringsteamet
• Leie institusjonen sitt tverrfaglege program- og marknadsføringsforum
• Arbeide opp mot samlingar, samlarar og sal frå utstillingar
• Utarbeiding av søknadar og rapportering for tilskot
• Nettverksbygging
• Deltaking på kurs og samlingar
Til stillinga høyrer kvelds- og helgearbeid tilsvarande 1 helg i månaden.
Kvalifikasjonar
• Mastergrad i kuratering, kunsthistorie, kunst- og kulturformidling eller liknande. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
• Erfaring frå arbeid med utstillingar, kunstnarar og handtering av kunstverk
• Svært god kjennskap til norsk og internasjonal samtidskunst
• Kunnskap om og forståing for det kulturhistoriske fagfeltet er ein føresetnad
• Svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
• Erfaring med å skrive om kunst
• God økonomiforståing og erfaring med budsjettering
• Gode datakunnskapar, samt erfaring med publisering på nett
Personlege eigenskapar
• Initiativrik og løysingsorientert
• Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
• Stor arbeidskapasitet
• Evne til å arbeide som del av eit team, men òg sjølvstendig
• Komfortabel med travle arbeidsperiodar
• Svært gode organisatoriske ferdigheiter og gjennomføringsevne
• Detaljorientert og evne til å jobbe med fleire prosjekt samtidig
Om anlegget
Hå gamle prestegard er ein kunst- og kulturinstitusjon i eit tradisjonsrikt og verna anlegg. Eit møtestad mellom samtid og lokalhistorie.
Anlegget, som er eigd og drive av Hå kommune, har utstillingar med norsk og internasjonal samtidskunst og eigenproduserte kulturhistoriske utstillingar, formidling og sal av kunst og kunsthandverk, samt ein kafé med fokus på lokale matvarer. Det blir arrangert konsertar, foredrag, litteratur- og temakveldar.
Til drifta av anlegget høyrer òg Obrestad fyr og kommunen sitt kulturvernsarbeid, som ein integrert del av verksemda.
Hå gamle prestegard er eitt av dei mest besøkte utfartsstadene på Jæren. Området rundt prestegarden er landskapsvernområde og har ei rik historie som strekk seg 9000 år tilbake.
Hå gamle prestegard ligg ein kort køyretur frå Stavanger / Sandnes med gode parkeringsmoglegheiter.
Vi tilbyr
• Ein unik arbeidsplass i eit historisk kulturmiljø nær flotte turområder
• Ein organisasjon og fagfelt i kontinuerlig utvikling med stort fokus på samarbeid
• Moglegheit for gratis svømming for alle ansatte i kommunal svømmehall
• Bedriftsidrettslag og bedriftskunstforening
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Eit godt arbeidsmiljø
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Bedrift
Hå kommuneSøknadsfrist
02.10.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5873155Se her for andre jobber fra Hå kommune
- Oppdatert 07.09.2024