• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    11.10.2026
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6724265
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
Ledig stilling

Ål Kommune

Kulturskuleassistent - Barnedans

Offentlig forvaltning

Ål kulturskule ser no etter ein assistent i tilkalling til sine barnedans-klassar dette skuleåret.

Ål kulturskule held til i Ål kulturhus og har over 300 elevplassar med undervisningstilbod i musikk, dans, teater/drama, sceneteknikk, yoga og visuell kunst. Visjonen "Kulturskule for alle" skal bidra til at barn og unge får moglegheit til oppleving, utvikling og skaparglede gjennom ulike typar kunstfag. Me er oppteken av å ta vare på leiken, kreativiteten og elevmedverknad i alle fag.

Arbeidsoppgåver:

  • Assistere i undervisning av barnedans.

Kvalifikasjonar:

  • Ha danseerfaring.
  • Gjerne vere danse-elev i kulturskulen.

Personlege eigenskapar: 
Personlege eigenskapar vert vektlagt:

  • Stor interesse for dans og arbeid med barn.
  • Trygg og positiv i møte med barn.
  • Evne til å samarbeide godt med dansepedagog.
  • Påliteleg, ansvarsbevisst og flink til å ta initiativ.

Vi tilbyr:

  • Arbeidsplass med gode og utviklande arbeidsmiljø. 
  • Lønn etter gjeldande tariffavtale.

Søknad:

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Intervju og tilsetting kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

Ta gjerne kontakt med oss.

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    11.10.2026
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6724265
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune