Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
22.09.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5871831Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 06.09.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sunnfjord kommune
Koordinator
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Friskliv og frivilligsenter i Sunnfjord treng fleire tilsette. Vi har ledig ei 100% mellombels stilling i Aktivitetseininga knytt til Friskliv og frivilligsenteret. Vi har også ledig ei 20-40% mellombels stilling knytt til arbeid med BUA. Vi er eit team på 6 personar som saman held i og driftar frivilligarbeidet, frisklivssatsinga og anna førebyggjande arbeid i Sunnfjord kommune. Vi samarbeider med fleire kommunale einingar, frivillig sektor, institusjonar og næringsliv. Aktivitetseininga i Sunnfjord kommune har ansvar for Friskliv og frivilligsenteret som samarbeider om aktivitetar og møteplassar i alle grender i Sunnfjord kommune.
Vi har no ledig stilling til deg som er kreativ og glad i menneske. Vi treng deg som kan vere ein ressurs både på frivillig og frisklivsarbeid i kommunen, saman med resten av teamet. Arbeidet ditt vil vere med å skape og drifte aktivitetar, arrangement og ulike prosjekt knytt til friskliv og frivilligheit i heile Sunnfjord kommune.
Aktivitetseininga har og aktivitetstilbod til vaksne i alle aldrar i Sunnfjord kommune. Aktivitetstilbodet kan gjevast som opplæring, arbeid eller anna type dagaktivitet til menneske som av ulike grunnar har behov for tilrettelegging eller bistand. Vi er i alt 53 positive og engasjerte medarbeidarar som jobbar i eininga, fordelt på små og store stillingar i heile kommunen.
Krav til søkar:- høgare helse-/sosialfagleg eller anna relevant høgare utdanning
- god IKT- kompetanse
- gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- førarkort klasse B
- er kontaktsøkande, uredd, sjølvstendig og initiativrik
- er utviklingsorientert og handlekraftig
- er kreativ og glad i menneske
- er god på å takle eit vidt spenn i oppgåver, er strukturert og flink til å planlegge eigen arbeidskvardag
- har gjennomføringsevne
- er ein lagspelar med fagleg autoritet innan ansvarsområdet.
- er engasjert og har evne til å motivere
- utfordrande, varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver
- samarbeid med mange engasjerte menneske i og utanfor kommunen
- god forsikrings- og pensjonsordning
Stillingane har ulik oppstartsdato; frå snarast til 1. desember 2024.
Du må levere politiattest av nyare dato for start i stilling.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
22.09.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5871831Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 06.09.2024