• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    08.06.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3806791
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 25.05.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Koordinator - 100 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Frå 01.08.2021 har vi ledig 100 % fast stilling som koordinator ved Ambulerande tenester. Du skal vere koordinator for støttekontakttenesta/Individuell plan. 

Om habiliteringstenesta

Habiliteringsteneste i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonsevne. Tenestene vert gjeve som tenester i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetssenter og ulike formar for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenester fin ein også støttekontaktteneste og koordinator for individuell plan.

Stillinga er ved Ambulerande tenester som har kontor på Frekhaug.

Arbeidsoppgåver

Stillinga har to hovudoppgåver. Den eine er å koordinere tenestetilbodet til personar med behov for langvarig og koordinerte tenester, å utarbeide individuelle planar, samt å sikre naudsynt oppfølging og framdrift av planane. Den andre er å arbeide med rekruttering, igangsetjing og følgje opp støttekontakttenesta, samt å rettleie støttekontaktar.

Du vil samarbeide med andre koordinatorar, forvaltningskontoret og avdelingsleiar.

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • Offentleg godkjend vernepleiar 
  • Vidareutdanning innan rettleiing
  • Førarkort klasse B
  • Sosionomar kan og søkje

Ønskt kompetanse

  • Erfaring frå arbeid med personar med nedsett funksjonsevne og/eller psykiske lidingar
  • God norsk skriftleg og munnleg formidlingsevne
  • God digital kompetanse
  • God kommunikasjons- og relasjonskompetanse
  • God i samarbeid, men og sjølvstendig
  • Kjennskap til eller erfaring med Individuell Plan og Sampro
  • Kjennskap til kommunale tenester, NAV og spesialisthelsetenesta
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid
  • Fleksibel og stor arbeidskapasitet
  • Evne til å prioritere mellom oppgåvene 

Vi tilbyr

Løn og tilsetjing i henhold til lov og avtaleverk
Eit godt arbeids- og fagmiljø der du kan vere med og skape positive endringar for tenestemottakarar

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    08.06.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3806791
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 25.05.2021