Vacancy

Kvam Herad i Brønnøysund

Kontrollør sal, skjenking og tobakk

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me søkjer kontrollør til ledig deltidsstilling i avdeling for Alkohol og servering.

  • Stillinga er ledig frå snarast
  • Arbeidet består av kontroll og tilsyn med skjenkestader som restaurantar, pub, forsamlingslokale, konsertar og festivalar.
  • Vaktene er varierte, og ein kjem i kontakt med mange ulike typar menneske.

Me er i dag 4 erfarne kontrollørar + vikarar. Det vert gjeve full opplæring og ein arbeider alltid saman med ein annan kontrollør

Høyrest dette spanande ut, ta kontakt for meir informasjon.

Arbeidsoppgåver

  • Kontrollera at sal av alkohol og tobakk, og skjenking av alkohol, går føre seg etter gjeldande reglar og lovverk.
  • Turnusarbeid i 13 vekers turnus, med helgearbeid ca. kvar 3. helg. Mesteparten av arbeidet skjer på kveld og natt. Nokre kontrollar skjer på dagtid (ved kontroll av salsløyver og tobakk).
  • Eininga har kontrollansvar for heile Hardanger, Voss, Vaksdal, Fusa og Samnanger.
  • Den som vert tilsett må rekna med å starta og avslutta arbeidet i Norheimsund.

Kvalifikasjonar

  • Førerkort for bil er nødvendig
  • Gode norskkunnskaper, både skriftleg og munnleg
  • Den som får tilbod om jobb, må bestå kunnskapsprøven for kontrollørar
  • Den som vert tilsett må ha eit tydeleg og avklart forhold til eigen alkoholbruk, og ha utvist uklanderleg vandel i forhold til alkohollova, forskriftar og andre lovar som har samanheng med formålet i alkohollovgjevinga.

Personlege eigenskapar

  • Kan arbeida sjølvstendig og i team
  • Evne til å ta initiativ
  • God evne til observasjon
  • Er nøyaktig
  • Er fleksibel og ansvarsbevisst
  • Er omgjengeleg og har eit godt humør, sjølv på lange turar nattetid

Vi tilbyr

  • Du får ein jobb med variert arbeid i eit triveleg og uformelt arbeidsmiljø
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Full opplæring som kontrollør

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.