Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
30.09.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Leikanger
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5882315Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 14.09.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Avdelingsleiar psykisk helse og rus
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du vere med å vidareutvikle psykisk helse og rustenesta i Sogndal kommune?
Me skal etablere ny avdeling på Leikanger og treng ein motivert avdelingsleiar til å utvikle og drive avdelinga.
Det er ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar.
Stillinga er delt med 70% administrativ del og 30% i miljøet (langvakter 4.kvar helg)
Avdelinga er under etablering og vil ved oppstart ha ca 10 årsverk.
Arbeidsoppgåver og ansvar:
- Ivareta det faglege, administrative og daglege ansvaret i avdelinga.
- Personalansvar
- HMS og internkontroll
- Utarbeide prosedyrar og rutinar
- Ansvar for å utvikle, forbetre og nytte ressursane på ein effektiv og rett måte
- Delta i økonomistyring for avdelinga i samarbeid med tenesteleiar
- Samarbeid med spesialisthelsetenesta og andre offentlege instansar
- Vere ein pådrivar til utvikling av organisasjon og teneste i tråd med kommunen sine planar og satsingsområde.
- Fremje god trivsel og eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:
- 3-årig helse og sosialfag evt anna relevant høgskuleutdanning
- Leiarerfaring er ynskjeleg
- Erfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus vil vere eit føremon.
- Vidareutdanning innan psykisk helse/rus/leiing er ynskjeleg
- God datakunnskap og interesse for digitale fagsystem
- Førarkort kl B
- Beherskar godt norsk, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar:
- Evne til å arbeide målretta og strukturert.
- Løysing og resultatorientert
- Sjølvstendig, lyttande og tydleg på forventningar og tilbakemeldingar
- Er fleksibel og reflektert
- Kan takle uforutsette situasjonar i ein hektisk kvardag
- Gode samarbeidsevner
- Personlege eigenskapar vil i stor grad bli vektlagd.
Me tilbyr:
- Varierte og spanande arbeidsoppgåver i ei teneste i stadig utvikling.
- Fokus på kompetanseutvikling
- Fokus på brukarmedverknad
- Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Ein arbeidsplass du kan vere stolt av
- Ein kommune i utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn etter avtale
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
30.09.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Leikanger
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5882315Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 14.09.2024