• Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    11.08.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5828970
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
  • Updated 27.07.2024
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Sogndal kommune

Kontaktperson, vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vert du motivert av å ha barn, ungdom og familiar som din viktigaste samarbeidspartnar, og vil du bidra til at barn og unge får betre oppvekstvilkår? Er du i tillegg opptatt av godt samarbeid, tverrfagleg innsats og ein fagleg forankra barnevernpraksis?

Ved Sogn barnevern er det ledig 100% vikariat som kontaktperson frå d.d til og med 31.07.2025, med moglegheit for forlenging.

Sogn barnevern er ei interkommunal barnevernsteneste for kommunane Sogndal og Luster, med hovudkontor i Sogndal. Tenesta har i dag omlag 20 årsverk som arbeider for å sikre gode tenester til barn og unge.

Arbeidsoppgåver:

  • Du får ein spennande, krevjande, utfordrande og lærerik arbeidskvardag.
  • Me har eit engasjerande og godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige kollegaer som er glad i jobben sin.
  • Barnevernstenesta er ein arbeidsplass som er opptatt av fagleg utvikling, og me har eit mål om å nå kompetansekravet.
  • Her vil du få kollegaer med ulik bakgrunn og kompetanse som støttar kvarandre i ein travel kvardag.
  • Du vi få medansvar for heilskapleg oppfølging av barn/ungdom og familiar, ofte i samarbeid med andre. Du vil jobbe med rettleiing og nettverksarbeid.
  • Som kontaktperson vil du arbeide med generell sakshandsaming etter barnevernsloven og forvaltningsloven, og du vil få ansvar for både undersøking og oppfølging av ulike type tiltak.

Sogn barnevern har utarbeida gode prosedyrar og rutinar for tenesta. Me er oppteken av at gjeldande lovverk, forskrifter og rundskriv vert fylgde.

Som tilsett i Sogn barnevern er du ansvarleg for å samarbeide godt i lag med alle våre familiar og samarbeidspartnarar, og å delta i barnevernstenesta sitt utviklingsarbeid. Som tilsett i Sogn barnevern må du rekne med noko reising, og den som vert tilsett må kunne disponere eigen bil ved tenestereiser.


Kvalifikasjonar:

  • Minimum kompetanse tilsvarande 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning eller annan relevant utdanning. Det er ynskjeleg med master / vidareutdanningar jamfør framtidig lovkrav.
  • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner.
  • Ynskje om erfaring frå kommunalt barnevern/tilgrensande tenester.
  • Ynskje om erfaring frå sakshandsaming.
  • Ynskje om kjennskap til fagsystemet Visma flyt barnevern
  • Førarkort klasse B


Personlege eigenskapar:
Me søkjer fagleg engasjerte personar som likar å jobbe både sjølvstendig og saman med andre. Du må vere ansvarsbevisst, kunne ta eigne initiativ og vere lydhøyr. Du må kunne arbeide på tvers i organisasjonen, ha gode haldningar og sjå verdien av tverrfagleg samhandling. Du er lojal, fleksibel, sjølvstendig, målretta og analytisk. Me vil leggje stor vekt på søkjarane si personlege eignaheit til stillinga.


Spesielle vilkår for stillinga:

  • Det vert stilt krav om politiattest av nyare dato.
  • Søkjar må kunne stille med eigen bil i tenesta.


Me tilbyr:

  • Et inkluderande , støttande og engasjert og utviklingsorientert arbeidsmiljø. 
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk
  • Fleksibel arbeidstid og gode pensjons- og forsikringsordningar.
     

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan søknadsfristen 11.august og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

 

  • Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    11.08.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5828970
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
  • Updated 27.07.2024