Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
17.11.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5939047Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Fjaler kommune
Kontaktperson i HAFS Barnevernteneste- 100% fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
HAFS barnevernteneste jobbar for å finne gode løysingar for barn og føresette i Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund, og vi har no ledig to 100 % faste stillingar som kontaktperson. Eininga har ti stillingar med engasjerte medarbeidarar som samarbeider om å løyse utfordringar og sjå moglegheiter til det beste for barn og familiar i regionen.
No søker vi etter deg som trur på barn og foreldre sine ibuande ressursar og ønsker å hjelpe dei i vanskelege livssituasjonar. Du vil ha kontor i Dale i nye, hyggelege lokale. Her jobbar du i eit tverrfagleg team med låg terskel for å søke støtte og råd hos kollegaene. Vi har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og tek gjerne eit kjapt møte i sofaen for å drøfte ulike problemstillingar.
Dei tilsette arbeider med alle delar av barnevernfaget: undersøking, tiltaksarbeid og barn under omsorg etter barnevernlova. Vi ser etter deg som har eit ekte engasjement for menneske og ikkje er redd for å stå i krevjande situasjonar. Du gler deg over "dei små stega" og er god til å skape tillit og relasjonar. Vi vektlegg å møte barn, familiar og samarbeidspartar der dei høyrer til, noko som betyr ein del reiseverksemd i arbeidet.
Du vil få interessante og faglege utfordringar og sjanse til å utvikle deg. Drøftingar internt og eksternt er med på å halde oss orienterte på det som skjer i fagfeltet, noko som er viktig for å gi rett hjelp til riktig tid. Vi legg til rette for vidareutdanning og kurs innan barnevernsfeltet.
- Sakshandsaming etter barnevernslova
- Arbeid med meldingar og undersøkingar
- Direkte tiltaksarbeid med born og foreldre
- Fosterheimsoppfølging
- Samarbeid med andre instansar
- Arbeid med akutte situasjonar/kriser
- Oppfølging av oppdragstakarar i tiltak
- Noko kvelds- og helgejobbing
- Utdanning som barnevernpedagog eller sosionom
- Anna relevant høgskuleutdanning saman med erfaring og vidareutdanning innan barnevernsfeltet kan
- vurderast
- Rettleiingskompetanse er ønskjeleg
- Førarkort klasse B
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Godkjend politi- og tuberkulinattest må leggast fram før tiltreding
- Personleg eigna til stillinga
- Raus, audmjuk og omgjengeleg
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Kan arbeide sjølvstendig, er fleksibel og har pågangsmot
- Jobbar strukturert
- Løn etter kvalifikasjonar og ansiennitet
- 50 000,- alltid på topp-tillegg for høgskuleutdanna
- Fleksibel arbeidstid
- Gode pensjonsordningar
- Rabatterte forsikringar i KLP
Om du vil vere ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø med stort engasjement for barn og familiar, håpar vi å høyre frå deg.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for unntak frå offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve ti å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
17.11.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5939047Se her for andre jobber fra Fjaler kommune