• Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    18.09.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6704138
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
Ledigt jobb

Sunnfjord kommune

Kontaktperson

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sunnfjord kommune ligg midt mellom Bergen og Ålesund og har om lag 22 400 innbyggarar. Kommunen vart etablert i 2020 gjennom samanslåing av fire kommunar. I 2024 vedtok kommunestyret planen «Saman om EIN god oppvekst» – ein førebyggande plan for barn og unge som legg føringar for tverrfagleg samarbeid og heilskaplege tenester i kommunen.

Vil du vere med å gjere ein forskjell? Vi søker deg som er engasjert i barn og unge sin oppvekst, og som ønsker å bidra til trygge og gode livsvilkår for barn og familiar i Sunnfjord. Du tør å stå i krevjande situasjonar, bygge relasjonar og møte menneske i sårbare livssituasjonar med respekt og tydelegheit.

Sunnfjord barnevern har 29,5 årsverk og har arbeidsstad på rådhuset i Førde. Vi er organisert etter ein spesialistmodell med eit undersøkingsteam, oppfølgingsteam og omsorgsteam. I tillegg har vi eit eige familieteam (tiltaksteam) og ein kontorfagleg stab som tek i vare administrative funksjonar.  

Vi har ledig:
  • 2x100 % vikariat som kontaktperson f.o.m. 04.01.27 - 04.01.28

Begge stillingane er per i dag knytt til undersøkingsteamet. Det kan skje endringar i organisering, bemanning og oppgåvefordeling i løpet av vikariatperioden, og arbeidsoppgåvene kan derfor bli endra i tråd med tenesta sine behov.

Arbeidsoppgåver og ansvarsområde er:
  • sakshandsaming etter barnevernlova og anna relevant regelverk
  • planlegge og gjennomføre undersøkingar av bekymringsmeldingar
  • kartlegge og undersøke barn og familiar sitt behov for hjelp etter lov om barnevern
  • bygge tillit og kommunisere effektivt med barn, foreldre og nettverk i sårbare situasjonar
  • gjennomføre samtalar med barn og forvalte deira synspunkt
  • samarbeide tett med eksterne instansar (t.d. skule/barnehage, politi, helse) og ha god oversikt over kommunens instansar og tilbod
  • gjere analysar og vurderingar kring barnets beste
  • grundig dokumentasjon av arbeidet i fagsystemet Modulus Barn
  • førebu saker og møte som partsrepresentant i Barnevern- og helsenemnda og andre rettsinstansar
  • samarbeide med andre team i tenesta
  • delta i saksgjennomgang, rettleiing og anna kompetanse- og fagutvikling i tenesta
  • akuttarbeid

Noko reiseverksemd og arbeid utover vanleg arbeidstid (ettermiddag-/kveld) må påreknast.

Kvalifikasjonar:
  • bachelor i barnevern eller sosialt arbeid
  • anna relevant bachelor kan vurderast ved relevant erfaring
  • erfaring frå første- eller andrelinje barnevern er ønskeleg
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • førarkort klasse B
Vi søker deg som:
  • arbeidar strukturert og målretta, både sjølvstendig og i team
  • har god relasjonskompetanse og evne til fagleg refleksjon
  • utfører arbeidet med respekt for barn og deira familiar
  • har gode samarbeidsevner, arbeidar løysingsorientert og er trygg i møte med komplekse situasjonar
  • tek barns medverknad på alvor
  • har god arbeidskapasitet og handtera høgt arbeidstempo, samtidig som du har god oversikt  
  • tek ansvar for eigne oppgåver og deltek aktivt i å skape eit godt og utviklingsfremjande arbeidsmiljø
  • har gode IKT-kunnskapar og handterer dokumentasjonsarbeid i digitale fagsystem på ein strukturert og nøyaktig måte
Vi tilbyr:
  • rettleiing – både individuelt og i gruppe  
  • fagleg utvikling og gode moglegheiter for kompetanseheving/vidareutdanning
  • eit sterkt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • fleksibel arbeidstid
  • rekrutterings- og stabiliseringstillegg på kr. 20.000,-
  • gode pensjonsordningar

Krav om gyldig politiattest før start i stillinga.

Du søker elektronisk.

Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, eller kulturell bakgrunn.

Du søker elektronisk.

Velkommen som søkar!

 

  • Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    18.09.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6704138
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune