Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
30.04.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5695744Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 17.04.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sunnfjord kommune
Kontaktperson
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sunnfjord barnevern har per i dag 26,3 stillingsheimlar. Vi har valt å etablere team for å løyse dei kompliserte og samansette oppgåvene som barnevernet har. Vi har såleis eit undersøkingsteam som avklarar meldingane og gjennomfører undersøkingane. Vi har eit oppfølgingsteam som følgjer opp dei familiane som får hjelpetiltak i heimen. Vi har eit omsorgsteam som følgjer opp plasserte born og deira familiar i fosterheimar og institusjonar. Og vi har eit familieteam som har som mål å utvikle gode tiltaksforløp for å skape positiv endring i familiane.
Vi er opptatt av fagleg kvalitet i tenestene våre og har difor støtteordningar for relevant vidareutdanning. Innan 2030, skal 80% av alle tilsette i barnevernet ha masterkompetanse. Det blir difor sannsynlegvis nødvendig å tilby tilsette utdanning med løn for å innfri dette kravet i tida framover. Du vil også få obligatorisk rettleiing ein gong kvar veke frå teamleiar i det teamet du får arbeidsoppgåver i. Det er ikkje endeleg avklart i kva team den tilsette vil bli fordelt i.
Vi søker etter:- kontaktperson i 100 % fast stilling
- kontaktperson i 100 % stilling - vikariat ut juni 2025
- følgje opp barnet og vurdere barnet sitt behov
- samarbeide med barn, ungdom og familiar
- koordinere og samarbeide med andre instansar
- utarbeide og følgje opp planar og tiltak
- sakshandsaming i tråd med gjeldande lovkrav
- møte i tingrett og fylkesnemnd som kommunen sin part i eigne saker
- samarbeide med andre team i tenesta og andre tenester
- Utdanningskrav; helst barnevernpedagog eller sosionom, men andre relevante høgskuleutdanningar kan vere aktuelle. Relevant arbeidserfaring vil då vere ei viktig tilleggsvurdering.
- Inkludering og mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre betre. Difor ser vi også etter medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaringar og kjønnsmangfald – og som representerer alternative minoritets- og kulturperspektiv.
- Du må ha førarkort klasse B.
Dersom du har mastergrad i barnevern får du lønn for denne utdanninga.
Personlege eigenskapar:- evne til å jobbe sjølvstendig og i team
- evne til å handtere uavklarte situasjonar og samtidig kunne jobbe målretta og systematisk
- vise fleksibilitet, kreativitet og samarbeidsevne
- vere positiv og tolmodig i samarbeid med familiar som er i ein vanskeleg situasjon, slik at ein ikkje påfører unødige bekymringar eller belastningar på barnet eller familien
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- kunne handtere periodar med stor aktivitet og tilhøyrande fristar
- rettleiing frå teamleiar kvar veke
- teammøte kvar veke med felles saksrettleiing og avklaringar
- fagutvikling og etterutdanning
- rekrutterings- og stabiliseringstillegg på kr. 20.000,-
- pensjonsordning i KLP
Du søker elektronisk.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
30.04.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5695744Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 17.04.2024