Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
07.08.2021Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
3982848Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
- Updated 15.07.2021
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Sunnfjord kommune
Kontaktperson
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sunnfjord barnevern har per i dag 26,2 stillingsheimlar. Vi har valt å etablere team for å løyse dei kompliserte og samansette oppgåvene som barnevernet har. Vi har såleis eit undersøkingsteam som avklarar meldingane og gjennomfører undersøkingane. Vi har eit oppfølgingsteam som følgjer opp dei familiane som får hjelpetiltak i heimen. Vi har eit omsorgsteam som følgjer opp plasserte born i fosterheimar og institusjonar. Og vi har eit familieteam som har som mål å utvikle gode tiltaksforløp for å skape positiv endring i familiane. Vi er opptatt av fagleg kvalitet i tenestene våre og har difor støtteordningar for relevant vidareutdanning.
Vi har ledig følgande stilling:- 2x100 % fast stilling som kontaktperson
stillingane vil bli knytt til undersøkings- og oppfølgingsteamet, dersom det ikkje blir gjort interne justeringar. Dei nytilsette sine ønske og kvalifikasjonar vil vere viktige faktorar i denne vurderinga.
Krav til søkar:- barnevernpedagog eller sosionom, men andre relevante høgskuleutdanningar kan vere aktuelle
- gjerne vidareutdanning/master retta mot arbeid i barnevernet
- gyldig politiattest
- delta i vurderingar av bekymringsmeldingar
- gjennomføre undersøkingar som følgje av bekymringa som er meldt
- samarbeide med barn, ungdom og familiar så lenge undersøkinga varer
- skriftleg dokumentasjon av undersøkinga
- samarbeide med andre team i tenesta og andre tenester
- møte i tingrett og fylkesnemnd etter behov
- samtalar med barn, ungdom og foreldre
- utarbeide plan for tiltak
- sørge for at hjelpetiltak blir iverksett
- lage oppdragsavtalar og følgje opp oppdragstakarane
- følgje opp hjelpetiltak og evaluere tiltak som vert sett inn
- skriftleggjere evalueringsrapportane
- samarbeide med barn, ungdom og familiar
- samarbeide med andre team i tenesta og andre tenester
- møte i tingrett og fylkesnemnd etter behov
- har evne til å jobbe sjølvstendig og i team, samt vise initiativ
- har evne til å handtere uavklarte situasjonar der ein t.d. har usikker informasjon om barn lir overlast eller ikkje, og samtidig kunne jobbe målretta og systematisk
- vise fleksibilitet, kreativitet og samarbeidsevne
- er positiv og tolmodig i samarbeid med familiar som er i ein vanskeleg situasjon, slik at ein ikkje påfører unødige bekymringar eller belastningar på barnet eller familien som følgje av undersøkinga
- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- kan handtere periodar med stor pågang og tilhøyrande fristar
- ei spennande stilling i ei teneste i utvikling
- utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
Du må søke elektronisk
Velkommen som søkar!
Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
07.08.2021Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
3982848Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
- Updated 15.07.2021