Company
Øygarden kommuneApplication deadline
01.12.2025Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6465679Look here for other jobs from Øygarden kommune
Øygarden kommune
Kontaktperson 2 x 100% vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Barnevernstenesta er i endring, og vi har medarbeidar som er i permisjon eller skal i permisjon. Dette gjer at vi har ledige mellombelse stillingar, for tida plassert i undersøkelse og ettervern. Vi ser derfor etter nye engasjerte kollegaer som vil vere med å styrkje laget vårt og bidra til å gje barn, unge og familiar i kommunen den støtta dei treng.
Vi søkjer:
Kontaktpersonar – eit vikariat på 1 år og eit vikariat på 8 månader.
Er du:- engasjert i heilskapleg tenking kring barn og familiar
- fleksibel og løysingsorientert
- glad i å spele på lag og oppteken av å vere ein god lagspelar
Då treng vi deg i teamet vårt!
Vi søkjer medarbeidarar til:
- arbeid med undersøkelse
- arbeid med ettervern
I vår barnevernstenesta står nytenking og kontinuerleg utvikling sentralt. Dette skal gjenspeglast i kvalitetsarbeidet vårt. Vi ser stor verdi i individuell tilpassing i utøvinga av samfunnsoppdraget vårt, og ønskjer å vere ein god samarbeidspartnar der fleire instansar samarbeider og deler ansvar i møte med sårbare familiar. Med utgangspunkt i ordtaket «It takes a village to raise a child», har Øygarden utvikla ein systemisk modell for oppfølging av familiar. Landsbymodellen legg vekt på samarbeid, systematikk og skreddarsydde løysingar, med barnet sitt behov i sentrum.
Barnevernstenesta legg stor vekt på eit fagleg sterkt miljø, der vi leverer gode og kvalitativt sterke tenester til barn og familiar i ei lærande organisasjon. Vi vil vere stolte av arbeidet vårt, og vår grunnleggande haldning er at barn og familiar er ekspertar på eigne liv – barn skal bli høyrde, og deira meiningar skal kome tydeleg fram i alle prosessar.
Vi søker deg som vil jobbe i ei barnevernteneste som har høg kvalitet og fokus på utviklingsarbeid.
Om avdelinga:Barneverntenesta er organisert saman med skule, barnehage, helsestasjon og PPT under kommunalsjef for Oppvekst. Barneverntenesta omfattar 57 stillingar og er inndelt i team.
I tenesta er det stort fokus på å utvikle sjølvstende gjennom teamarbeid. Vidareutvikling av samhandlingskompetanse på tvers av dei ulike hjelpeinstansane skal gjennomsyre kommunen sitt samla tenestetilbod.
Arbeidsoppgåver:
- Sakshandsaming etter lov om barnevern.
- Tverrfagleg samarbeid
- Fremje og føre sakar for Barneverns- og helsenemnda og anna rettsinstans
- Arbeidsoppgåvene skal utførast innan fleksibel arbeidstid. Arbeid på ettermiddag og kveld må påreknast.
- 3- årig relevant høgskuleutdanning, fortrinnsvis innan utdanningane barnevern og sosionom.
- Annen utdanning og erfaring kan i særskilte tilfeller erstatte kravet om 3-årig relevant høgskuleutdanning
- Gyldig politiattest ved tiltreding
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Førarkort kl B
- Relevant vidareutdanning
- Erfaring frå 1.linje barnevern
- Erfaring med arbeid med barn, unge og familiar
Eigenskapar:
- Du møter barn og deira familiar med respekt, ydmykhet, samarbeid og kjærlighet.
- Du er fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Du tåler høgt arbeidspress og arbeid etter lovpålagte fristar
- Du evner å kunne jobbe heilskapleg og strukturert, både sjølvstendig og i team
- Det vert lagt avgjerande vekt på kven du er som person og korleis du passer inn i personalgruppa vår.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Fleksitidsordning
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer i eit godt fagmiljø
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Einingsleiar Hege Gundersen tlf: 934 84 846
Hege.Gundersen@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Company
Øygarden kommuneApplication deadline
01.12.2025Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6465679Look here for other jobs from Øygarden kommune