Company
Hå kommuneApplication deadline
25.11.2024Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
4360, VARHAUG
HÅ
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5956221Look here for other jobs from Hå kommune
Hå kommune
Kontaktlærar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
På Vigrestad storskule er det ledig to faste stillingar som kontaktlærar i 80-100% på mellomtrinnet frå 01.01.2025. Du har gjerne faga norsk, engelsk, matematikk og/eller musikk.
Me jobbar med å utvikla eit endå tryggare skulemiljø og med å tilpassa og variera undervisninga. Me vil gjerne ha deg med på laget. Som tydeleg og omsorgsfull klasseleiar får du vera med å utvikla Vigrestad storskule vidare.
Vigrestad storskule er ein 5.-10. trinn skule. Det er omlag 275 elevar og 50 tilsette ved skulen. Det er to avdelingar ved skulen, ei for mellomtrinn og ei for ungdomstrinn. Avdelingane har kvar sin leiar, som i tillegg til rektor utgjer leiargruppa.
Kvalifikasjonar
- Du er kvalifisert til å jobba på 5. - 10. trinn.
- Du har gjerne 30 studiepoeng i norsk, engelsk eller matematikk.
- Utdanning i, eller erfaring med spesialundervisning er ein fordel.
Personleg eignetheit og relevant erfaring kan kompensera for manglande kvalifikasjonar, men utan å vera kvalifisert, kan ein ikkje få fast stilling.
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Company
Hå kommuneApplication deadline
25.11.2024Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
4360, VARHAUG
HÅ
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5956221Look here for other jobs from Hå kommune