• Company
    Hå kommune
  • Application deadline
    15.10.2023
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    4360, VARHAUG

    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5337064
  • Look here for other jobs from Hå kommune
  • Updated 16.09.2023
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Hå kommune

Kontaktlærar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Nærbø ungdomskule søker kontaktlærar på 9.trinn til ei fast 100 % stilling frå 1.11.2023, med kompetanse i kroppsøving, samfunnsfag, norsk og KRLE. Andre fag er og av interesse.

Nærbø ungdomsskule er ein skule med 325 elevar og 45 tilsette. Her er det hyggelege elevar og eit veldig godt arbeidsmiljø. Skulen har ambisjonar om å utvikle elevanes dugleik på alle plan og skape gode og trygge rammar for læring. Skulen ligg nær togstasjonen, og har eigen parkeringsplass.

Kvalifikasjonar
- Godkjent lærarutdanning
- God IKT-kompetanse
- Gode kommunikasjonsevner
- Du må være løysingsorientert og bidra aktivt til et godt arbeids- og læringsmiljø

Personlege eigenskapar og relevant erfaring kan kompensera for manglande fagleg kompetanse.

Arbeidsoppgåver
- Planlegge og lede elevane si læring samen med andre faglærarar på trinnet
- Arbeide for et trygt og inkluderande læringsmiljø
- Følge opp elevane si læring og progresjon
- Samarbeide med foreldre og føresette
- Bidra aktivt for å utvikle eit godt lærarsamarbeid og eit lærande fellesskap på skolen

Personlege eigenskapar
Me ønsker at du er god på relasjonar og er ein tydeleg og omsorgsfull klasseleiar. Du kan arbeide sjølvstendig, samtidig som du evner å samarbeide med kollegaer og føresette. Du må vera løysningsorientert, engasjert, positiv og ha godt humør.

Me tilbyr
- Eit godt og sterkt fagmiljø med mykje godt humør
- Moglegheit for etter- og vidareutdanning
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
- Konkurransedyktig lønn
- Fordelane som ei IA bedrift gir

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (Våre tenester (hkdir.no)og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

 

  • Company
    Hå kommune
  • Application deadline
    15.10.2023
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    4360, VARHAUG

    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5337064
  • Look here for other jobs from Hå kommune
  • Updated 16.09.2023