Company
Ål KommuneApplication deadline
16.02.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5548580Look here for other jobs from Ål Kommune
- Updated 16.02.2024
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Ål Kommune
Konsulent- Servicetorget
Offentlig forvaltning
Er du serviceinnstilt, og likar å omgås folk samt yte god service? Då ynskjer me at du søkjer den ledige stillinga som konsulent i avdeling Servicetenester. Vi er eit team med stort engasjement for det vi driv med, og er på jakt etter ein engasjert, fleksibel og positiv medarbeidar som ynskjer å bidra til å gje innbyggjarar og tilsette tenester av topp kvalitet.
Arbeidsoppgåver
- svara på spørsmål på telefon og frå publikum på servicetorget
- informasjonsarbeid ved bruk av digitale media
- enklare sakshandsaming
- administrative oppgåver etter behov
Kvalifikasjonar
- svært god IT- og systemforståing
- meget gode muntlege og skriftlege nynorskkunnskapar
- fagbrev innan relevant fagområde
Personlege eigenskapar
Svært gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og du viser stor grad av serviceinnstilling. Du er ansvarsbevisst, fleksibel og jobbar godt sjølvstendig, strukturert og systematisk.
Som vert i Servicetorget må du like publikumskontakt, og du er positiv og kan samarbeide på tvers av stillingar og nivåar i organisasjonen.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar hjå søkjarane.
Vi tilbyr
- eit team med fagleg dyktige medarbeidarar
- lønn etter gjeldande tariffavtale
- pensjonsordning i KLP
- gunstige lokale tillegg for kompetanse og ansiennitet
- gode stønadsordningar og muligheiter for personleg vekst i Ål Kommune gjennom kurs og videreutdanning
- hjelp til å finne bustad
Søknad
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Velkomen hjå oss som søkjar!
Company
Ål KommuneApplication deadline
16.02.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5548580Look here for other jobs from Ål Kommune
- Updated 16.02.2024