Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
26.10.2025Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6419016Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Fjaler kommune
Konsulent i 50 % fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Personal- og organisasjonsavdelinga søkjer etter ein engasjert og serviceinnstilt konsulent i ei 50 % fast stilling frå 1. januar 2026. Hos oss får du ein variert og lærerik kvardag i Fjalerhuset, tett på både kollegaer, innbyggarar og viktige prosessar for organisasjonen. Du vil møte mange menneske, handtere ulike oppgåver – og få moglegheita til å utvikle deg i eit miljø prega av samarbeid, humor og engasjement.
Stillinga er plassert sentralt i organisasjonen, med oppgåver som gjev deg både oversikt og innsikt i kommunen sitt daglege arbeid. Her vil du få høve til å kombinere praktiske gjeremål med kontakt med menneske, og vere ein viktig ressurs både for innbyggarane og kollegaer.
Vi tilbyr introduksjonsprogram for nytilsette, løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ og svært gode pensjons- og forsikringsordningar. Stillinga er tenkt fordelt over tre arbeidsdagar i veka, fortrinnsvis måndag, fredag og halve tysdag.
- sentralbord og publikumsmottak
- arbeid med arkiv, post og journalføring
- støtte i ulike administrative prosessar
- bidra med kommunikasjon ut til innbyggarne i ulike kanalar
- bidra i praktisk gjennomføring av val
- likar å yte service, har godt humør og og trivst med å møte menneske
- har gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
- er lærevillig, arbeider strukturert og målretta
- ser etter løysingar og er open for forbetring og effektivisering
- er påliteleg, tek ansvar og bidrar positivt til arbeidsmiljøet
Vi legg vekt på at du er personleg eigna til stillinga
- ønskeleg med fagbrev i service- og administrasjonsfaget
- anna relevant utdanning og/ eller erfaring kan kompensere for fagbrev
- søkjarar må ha fylt 18 år
- god digital kompetanse
- gode norsk kunnskapar, både skriftleg og munnleg
Det er ein fordel om du har erfaring med sakssystemet Websak og arbeid med arkiv.
Har du lyst på ein variert og meiningsfull jobb der du møter folk og fag- og får ein sentral plass i kommunen sin kvardag? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
26.10.2025Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6419016Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
-
Tilkallingsvikar Balestrand helsetun og heimeteneste
Sogndal kommune
Balestrand -
Ledig stilling som sjukepleiar
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Helsefagarbeidar Prestahagen
Sogndal kommune
Sogndal -
Tilkallingsvikar Leikanger sjukeheim og heimeteneste
Sogndal kommune
Leikanger -
Sjukepleiar eller vernepleiar Prestahagen
Sogndal kommune
Sogndal