• Company
    Ål Kommune
  • Application deadline
    03.02.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3570, ÅL
    ÅL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6008081
  • Look here for other jobs from Ål Kommune
Vacancy

Ål Kommune

Konsulent

Offentlig forvaltning

Servicetenesta har ei sentral rolle i kommunen med servicetorg, arkiv og politisk sekretariat. Me er eit team på 8 tilsette med stort engasjement. Me er på jakt etter ein engasjert, fleksibel og positiv medarbeidar som ynskjer å bidra til gje både innbyggjarar, administrasjonen og politikarane tenester av topp kvalitet.

Arbeidsoppgåver kan vera

  • sakshandsaming innanfor avdelinga sitt ansvarsområde
  • oppgåver knytt til arkivtenesta
  • samhandling mellom tilsette, politikarar og innbyggjarar
  • informasjonsarbeid ved bruk av digitale media

Me ynskjer at du som søkjer har

  • høgare relevant utdanning på bachelornivå
  • relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • kompetanse innan sakshandsaming
  • kjennskap eller erfaring innan offentleg verksemd
  • gode IT-kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • svært gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • du er ansvarsbevisst og fleksibel
  • har evne til å kunne arbeide både sjølvstendig og i team
  • du kan samarbeide på tvers av stillingar og nivåar i organisasjonen
  • du er strukturert og nøyaktig
  • har godt humør og viser stor grad av serviceinnstilling

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar hjå søkjarane til denne stillinga.

Me tilbyr

  • jobb i ein utviklingsorientert kommune med gode tilbod for innbyggjarane
  • varierte arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø prega av humør og arbeidsglede
  • løn etter tariffavtale og innmelding i KLP

Send søknad 

  • administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

 Velkomen som søkjar!

 

 

  • Company
    Ål Kommune
  • Application deadline
    03.02.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3570, ÅL
    ÅL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6008081
  • Look here for other jobs from Ål Kommune