• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    08.09.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5854830
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 27.08.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Konsulent

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Service-eininga yter tenester til innbyggarane og andre einingar i kommunen. Vi driv tenestetorg, sentralbord, dokumentsenter, informasjonsarbeid, digitalisering av tenester, fakturering og saksbehandling. Vi er om lag 25 tilsette som samarbeider godt om å løyse oppgåvene våre. No får vi nye oppgåver og  treng vi ein ny medarbeidar på laget.

Vi søker etter konsulent i 100 % fast stilling

Stillinga er lagt til Førde tenestetorg ved Sunnfjord rådhus. Vi som jobbar i tenestetorget er Rådhuset sitt ansikt utad og ein viktig del av stillinga er derfor kontakt med innbyggarane.

Stillinga inneheld mellom anna oppgåver som:

  • resepsjonsarbeid
  • rettleiing og informasjon om kommunale tenester
  • interne serviceoppgåver for andre einingar i kommunen
  • saksbehandling av kommunale tenester

Kommunal bustøtte er ei ny teneste som kommunen skal tilby. Den som vert tilsett skal mellom anna vere saksbehandlar for denne tenesta og blir med på å bygge opp tenesta og saksbehandlingsrutinane. 

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • relevant høgskuleutdanning
  • erfaring med service og publikumskontakt
  • god skriftleg og munnleg kommunikasjon på norsk

Lang relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.

Vi ser etter deg som:

  • er serviceinnstilt, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • har erfaring med saksbehandling
  • likar å jobbe med tall og har god økonomiforståing
  • har god kompetanse i bruk av IT- verktøy
  • har erfaring frå arbeid i prosjekt
  • er empatisk og imøtekommande i møte med menneske i ulike situasjonar

Vi tilbyr

Som medarbeidar i Service-eininga får du ein variert arbeidskvardag i eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.

Sunnfjord kommune har god pensjons- og forsikringsordning.

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    08.09.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5854830
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 27.08.2024