• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    05.05.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5688890
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 17.04.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Konsulent

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sunnfjord barnevern har per i dag 26,3 stillingsheimlar. Vi har valt å etablere team for å løyse dei kompliserte og samansette oppgåvene som barnevernet har. Vi har såleis eit undersøkingsteam som avklarar meldingane og gjennomfører undersøkingane. Vi har eit oppfølgingsteam som følgjer opp dei familiane som får hjelpetiltak i heimen. Vi har eit omsorgsteam som følgjer opp plasserte born og deira familiar i fosterheimar og institusjonar. Og vi har eit familieteam som har som mål å utvikle gode tiltaksforløp for å skape positiv endring i familiane.

For at desse prosessane skal fungere, trengs det tilgjengeleg og god kontorfagleg bistand. Vår kontorfaglege tilsette over fleire år, blir straks pensjonist, og vi ønsker difor å tilsette ny. For å sette den nye inn i prosessane, og gje opplæring, vil der vere ei overlapping frå ca. november 2024 og til påske 2025.

Arbeidsoppgåver er mellom anna:
  • saksbehandling i kommunen sitt administrative system (Visma)
  • oppretting av oppdragsavtalar i barnevernet sitt sakssystem (Familia)
  • økonomisk oppfølging som følgje av oppdragsavtalane
  • fakturabehandling (attestering)
  • dokumenthandtering (skanning av post, registrering)
  • varebestilling
  • delansvar ved opplæring av nytilsette, t.d. rettleiing i timeføring for andre tilsette
  • bistå einingsleiar i budsjettkontroll
Personlege eigenskapar og kvalifikasjonar

Vi ønsker oss ein person som er nøyaktig, pliktoppfyllande og effektiv. Du har gode samarbeidsevner og jobbar sjølvstendig. Desse personlege eigenskapane er viktige for oss, men vi treng i tillegg også grunnleggande økonomiutdanning eller erfaring.

Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, og kunne handtere periodar med stor aktivitet og tilhøyrande fristar.

Du søker elektronisk.

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    05.05.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5688890
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 17.04.2024