• Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    26.09.2022
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4758490
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 09.09.2022
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Alver kommune

Konsulent - 100% vikariat - NHBR

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Eining:

Nordhordland brann og redning ( NHBR) vart etablert i 2019, ved samanslåing av tre brannvesen. NHBR dekkjer kommunane Alver, Austrheim og Modalen, med Alver kommune som vertskommune. Ansvarsområdet dekkjer 1.149 km2, har 33.000 innbyggjarar. NHBR har Equinor Mongstad i sitt område, som er ein av dei største olje- og produkthavnane i Europa. Vi har 5 brannstasjonar og to depot. Knarvik stasjon har dagkasernering, medan dei andre stasjonane har deltidsberedskap med og utan vaktordning.

Vi har no ledig eit vikariat i 100% som konsulent ved Operativ avdeling. Vikariatet varer til 31.12.23. Innan vikariatet er utløpt vil det bli vurdert om stillinga skal bli permanent. Vi ønskjer tiltreding i vikariatet snarast råd.

Arbeidsoppgåver:

Den som vert tilsett vil få ansvar for dei fleste kontoradministrative oppgåver ved avdelinga i tett samarbeid med leiar. Eksempel på slike kan vere:

  • Informasjon og kontakt mot deltidsstyrken
  • Informasjon og kontakt mot innbyggjarane og samarbeidspartar
  • Lønnsoppgåver
    • Arbeid i systemet Gat
    • Inntak av mannskap på vakt
    • Svare på spørsmål kring lønn
  • Fakturering
  • System for oppfølging av diverse utstyr, samt oppretting av system
  • Oppfølging av blant anna helsekontroll, kompetansematrise, sertifikat, dokumentasjonskvav og andre lovkrav knytt til operativ avdeling
  • Arbeid i Websak
  • Andre oppgåver som naturleg fell inn under stillinga

Ønskt kompetanse:

  • God kjennskap til kommunale system
  • God systemforståing
  • Gode ferdigheiter på digitale verktøy
  • God oppfølgingsevne
  • Likar høgt arbeidstempo
  • Trivast med å jobbe med mange oppgåver på same tid
  • God kommunikasjonsevne

Stillinga vil innebere utstrakt kontakt med andre: Intern kontakt med mannskap, men også utadretta kontakt med innbyggjarar og NHBR sine samarbeidsaktørar. Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt.

Vi tilbyr:

  • Svært varierte oppgåver
  • Ein sentral stilling med stor kontaktflate
  • Hyggelege kollegaer og eit godt arbeidsmiljø   
  • Lønn i samsvar med lov - og avtaleverk

Slik søker du

Er dette noko for deg? Då høyrer vi gjerne frå deg. Trykk knappen "send søknad".  

 

 

  • Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    26.09.2022
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4758490
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 09.09.2022