Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
26.09.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4758490Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 09.09.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Alver kommune
Konsulent - 100% vikariat - NHBR
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Eining:
Nordhordland brann og redning ( NHBR) vart etablert i 2019, ved samanslåing av tre brannvesen. NHBR dekkjer kommunane Alver, Austrheim og Modalen, med Alver kommune som vertskommune. Ansvarsområdet dekkjer 1.149 km2, har 33.000 innbyggjarar. NHBR har Equinor Mongstad i sitt område, som er ein av dei største olje- og produkthavnane i Europa. Vi har 5 brannstasjonar og to depot. Knarvik stasjon har dagkasernering, medan dei andre stasjonane har deltidsberedskap med og utan vaktordning.
Vi har no ledig eit vikariat i 100% som konsulent ved Operativ avdeling. Vikariatet varer til 31.12.23. Innan vikariatet er utløpt vil det bli vurdert om stillinga skal bli permanent. Vi ønskjer tiltreding i vikariatet snarast råd.
Arbeidsoppgåver:
Den som vert tilsett vil få ansvar for dei fleste kontoradministrative oppgåver ved avdelinga i tett samarbeid med leiar. Eksempel på slike kan vere:
- Informasjon og kontakt mot deltidsstyrken
- Informasjon og kontakt mot innbyggjarane og samarbeidspartar
- Lønnsoppgåver
- Arbeid i systemet Gat
- Inntak av mannskap på vakt
- Svare på spørsmål kring lønn
- Fakturering
- System for oppfølging av diverse utstyr, samt oppretting av system
- Oppfølging av blant anna helsekontroll, kompetansematrise, sertifikat, dokumentasjonskvav og andre lovkrav knytt til operativ avdeling
- Arbeid i Websak
- Andre oppgåver som naturleg fell inn under stillinga
Ønskt kompetanse:
- God kjennskap til kommunale system
- God systemforståing
- Gode ferdigheiter på digitale verktøy
- God oppfølgingsevne
- Likar høgt arbeidstempo
- Trivast med å jobbe med mange oppgåver på same tid
- God kommunikasjonsevne
Stillinga vil innebere utstrakt kontakt med andre: Intern kontakt med mannskap, men også utadretta kontakt med innbyggjarar og NHBR sine samarbeidsaktørar. Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt.
Vi tilbyr:
- Svært varierte oppgåver
- Ein sentral stilling med stor kontaktflate
- Hyggelege kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med lov - og avtaleverk
Slik søker du
Er dette noko for deg? Då høyrer vi gjerne frå deg. Trykk knappen "send søknad".
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
26.09.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4758490Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 09.09.2022