• Företag
    Alver kommune
  • Ansökningstiden
    28.06.2021
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3923704
  • Se här för andra jobb från Alver kommune
  • Uppdaterad 11.06.2021
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Alver kommune

Konsulent - 100% stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga
Ved avdeling Bustadkontoret i tenesteområdet Eigedomsforvaltning er det ledig stilling som konsulent med høgskule, 100%.

Om Bustadkontoret 
Bustadkontoret har ansvar for å gje tenester til våre innbyggjarar som treng hjelp med å skaffe bustad. Oppgåvene spenner frå tildeling av kommunal bustad og økonomisk rådgjeving til utvikling av kommunen sine planar innanfor det bustadsosiale feltet.

Avdelinga har eit stort nettverk av samarbeidspartnarar internt og eksternt. Bustadkontoret samarbeider blant anna med Nav, helsetenestene i kommunen og dei andre avdelingane i teknisk sektor. Alver kommune sitt bustadkontor har og eit tett samarbeid med eksterne aktørar som Husbanken, og følgjer opp statlege retningslinjer og ordningar som kjem derifrå. 

Bustadkontoret er ein travel og givande arbeidsplass der ein må vere løysingsorientert, fleksibel og evne å samarbeide med mange aktørar. Oppgåvene som skal løysast betyr mykje for enkeltmenneske og er eit viktig samfunnsbidrag.

Tenesteområdet Eigedomsforvaltning ligg under teknisk sektor, og har ansvar for forvaltning av heile eigedomsmassen til Alver kommune, både bygningsmasse, areal, veg-, vatn-, og avløpsanlegg. Arbeidsstad for avdeling Bustadkontoret er i Knarvik senter og samlokaliserast med innbyggjarservice.

Arbeidsoppgåver 

  • Behandling av søknader på gjennomgangsbolig i Alver kommune
  • Tildeling av kommunale bustader
  • Sakshandsaming og utforming av vedtak
  • Fakturabehandling
  • Utlevering og tilbakelevering av kommunale bustader
  • Økonomisk rådgjeving – Startlån og Bustøtte
  • Oppfølging av lovkrav og forskrifter
  • Oppfølging av kommunen sine overordna planar og strategiar innan det bustadsosiale feltet 

Stillinga inneber og tverrfagleg samarbeid med andre tenesteområde i kommunen. 

Kompetanse
Vi ser etter deg som har 3-årig høgare utdanning innan økonomi og administrasjon. Du har erfaring frå og interesse for offentleg forvaltning. Du har interesse for bustadsosialt arbeid og er sterk på kommunikasjon med ulike aktørar. 

Vi ønskjer deg som

  • Har evne til raskt å setje deg inn i nye problemstillingar og har god iKT kompetanse
  • Er ansvarsbevisst og strukturert
  • Har evne til å jobbe sjølvstendig
  • Blir motivert av å hjelpe andre og yte service under gitte rammer
  • Har god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
  • Trivast med samarbeid og vil vere ein god lagspelar for kolleger og leiar
  • Har sertifikat for personbil, engasjert og har ein positiv innstilling

Vi tilbyr

  • Utfordrande og spennande oppgåver
  • Engasjerte og inkluderande medarbeidarar
  • Tverrfagleg arbeidsmiljø med høg kompetanse
  • Tilsetjingsvilkår etter lov- og avtaleverk
  • Lønn etter avtale
  • Fleksitid
  • God pensjonsordning og forsikringsvilkår

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. 

 

 

  • Företag
    Alver kommune
  • Ansökningstiden
    28.06.2021
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3923704
  • Se här för andra jobb från Alver kommune
  • Uppdaterad 11.06.2021