Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
13.09.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6692808Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Kommunikasjonssjef
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Innleiing
Vil du vera med og forme kommunikasjonen i ein kommune i utvikling?
Som kommunikasjonssjef får du ei sentral rolle i arbeidet med omstilling, samfunnsberedskap og digital utvikling. Du skal bidra til å byggja tillit i organisasjonen og skapa gode relasjonar mellom kommunen, innbyggjarane og omverda.
Stillinga skal bidra til- Tydeleg og tillitsbyggjande kommunikasjon og informasjon internt og eksternt.
- Eit sterkt og positivt omdøme for kommunen.
- Profesjonell handtering av media og krisekommunikasjon
- Strategisk kommunikasjonsstøtte til kommunedirektør, leiargrupper og politisk leiing.
- Leia og vidareutvikla det strategiske og operative kommunikasjonsarbeidet i kommunen
- Vera rådgivar for kommunedirektøren, leiarar og fagmiljø i kommunikasjonsarbeid og omstillingsprosessar
- Utarbeida og vidareutvikla kommunikasjonsstrategiar, rutinar og rettleiarar
- Bidra til å styrkja kompetanse innan klarspråk, nynorsk og kommunikasjon i organisasjonen.
- Driva og støtta arbeidet med digital utvikling og endringskommunikasjon.
- Sikra god intern og ekstern kommunikasjon til tilsette og innbyggjarar
- Ha ansvar for omdømebygging, kommunikasjon av arbeidsgjevarprofil og mediekontakt
- Bidra til vidareutvikling av nettsider, intranett, sosiale medium og andre digitale kanalar
- Produsera og koordinera digitalt innhald, mellom anna film, podkast og andre kommunikasjonstiltak
- Leia og vidareutvikla kompetansen i organisasjonen innom mediehandtering og krisekommunikasjon .
- Noko arbeid utanom ordinær arbeidstid må påreknast
Relevant høgare utdanning og bachelor til dømes innan kommunikasjon, PR, journalistikk eller markedsføring.
Erfaring frå strategisk kommunikasjonsarbeid og mediehandtering
Forståing for omstillings- og endringsprosessar.
Svært god skriftleg (nynorsk) og munnleg framstillingsevne
Samfunnsorientert og interessert
Ønskeleg med:Erfaring frå offentleg sektor.
Erfaring med digital kommunikasjon og digitale kanalar
Erfaring med krise- og beredskapskommunikasjon.
Leiarerfaring
Personlege eigenskapar- Arbeider strukturert, analytisk og målretta.
- Har stor gjennomføringsevne og tek ansvar for resultat.
- Har gode samarbeidsevner og evne til å skape engasjement.
- Er initiativrik, løysingsorientert og utviklingsretta.
- Ei sentral og spennande fagleiarstilling med stor påverknadskraft
- Meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Anne-Merete Vabø Haugane, kommualsjef organisasjon og beredskap
Anne.haugane@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
13.09.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6692808Se her for andre jobber fra Øygarden kommune