Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
01.06.2021Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3814514Se her for andre jobber fra Giske Kommune
- Oppdatert 11.05.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Giske Kommune
Kommunepsykolog
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har ledig fast 100 % stilling som kommunepsykolog frå 01.09.2021.
Stillinga inngår i psykisk helse og rus-tenesta for vaksne som ligg under eining Meistring og Psykisk helse.
Giske kommune ønskjer å gi eit godt og heilskapleg tilbod til personar og familiar som har eller står i fare for å utvikle psykiske helseplager. Kommunepsykologen vil ha ei viktig rolle ved å utføre klinisk arbeid, rettleie og gi fagstøtte for kolleger og andre gjennom tverrfagleg samarbeid, samt deltaking i utviklingsarbeid for tenesta og eininga.
I tillegg til fire stillingar i vaksenteamet, har kommunen 100 % stilling som psykolog i psykisk helseteam for barn og unge som vart oppretta i 2016, og med to psykologar ligg det godt til rette for å vidareutvikle den psykiske helsetenesta i kommunen.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Den som blir tilsett må ha sertifikat og kunne disponerer eigen bil i tenesta.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.
Kvalifikasjoner:
- Offentleg godkjent/autorisasjon som psykolog
- Det er ønskjeleg med erfaring frå klinisk arbeid med vaksne, samt erfaring frå tverrfagleg samarbeid.
- Gjerne kompetanse i rettleiing
- God digital kompetanse
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- God kunnskap om relevant lovverk
Personlige egenskaper:
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å skape gode relasjonar
- Evne til initiativ og til å vere fleksibel og løysningsorientert
- Evne til å arbeide strukturert og målretta, sjå samanheng og heilheit
- Interesse for og evne til nytenking og til å motivere til endring og utvikling
Vi tilbyr:
- Psykologfagleg samarbeid i kommunen og med andre psykologar i nabokommunar
- Godt fagleg og sosialt miljø
- Variert, tverrfagleg samarbeid
- Utfordrande og sjølvstendige arbeidsoppgåver
- Kurs og kompetanseheving
- Konkurransedyktig løn
- Tilsetting på kommunale vilkår og god pensjonsordning gjennom KLP.
Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
01.06.2021Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3814514Se her for andre jobber fra Giske Kommune
- Oppdatert 11.05.2021