• Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    03.05.2021
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3746069
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 19.04.2021
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Alver kommune

Kommunepsykolog

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Alver kommune har no ledig vikariat frå 01.08.2021 - 31.03.2022 i si kommunepsykologteneste. Psykologen vil inngå i eit team av 4 psykologar som arbeider for å styrke kvalitet i kommunen sitt heilhetlege arbeid innan psykisk helsearbeid og rusvern. Den eldige stillinga skal ha hovedfokus på born og unge. Pr. i dag består tenesta av ein psykologspesialist med fokus på tilbod til vaksne, ein psykologspesialist med fokus på born, unge og vaksne samt to psykologar som har hovedfokus på born og unge. Lågterskeltilbodet er retta mot personar med risiko for å utvikle, og/eller som har utvikla problem knytt til psykisk helse og/eller rusbruk. 

Om Kommunepsykologene

Kommunepsykologene er formelt ogranisert i tenesteområdet for psykisk helse og rus og har kontorstad i Knarvik nord for Bergen. I løpet av mai 2021 vil tenesta være samlokalisert med spesialisthelseteneste, legar og andre kommunale tenester i Helsehuset. Ein må pårekne noko arbeid på andre driftskontor i kommunen. 

Arbeidsoppgåver

Du vil arbeide mot individ, familier, pårørande, grupper og i nokre høve heile befolkninga. Vidare skal du bidra med rettleiing inn mot kommunen sine verksemder, team og helsepersonell. Du vil vere med på å utvikle kommunepsykologtenesta i den kommunen. Du må kunne ta del i nettverket for psykologar i regi av Fylkesmannen og Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA). 

Kompetanse

  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Førarkort klasse B
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

Vi ser etter deg som er ein engasjert psykolog med erfaring frå klinisk arbeid og systemarbeid. Du må ha stort engasjement for born og unge si psykiske helse, sam ha gode evnar til tverrfagleg samarbeid. Du må kunne dispoere eigen bil ved høve. 

Vi tilbyr

Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
God pensjonsordning

I tråd med helsepersonellova vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt HR-avdelinga. 

 

  • Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    03.05.2021
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3746069
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 19.04.2021